Statens vegvesen legg fram fire ulike traséval for vidare handsaming. Det billegaste kostar 502 millionar kroner, men vegvesenet peikar på at dette valet fører med seg store inngrep i bygda Nordrepollen i Kvinnherad. Dessutan vil dette alternativet kosta 756 millionar med full utbygging på Jondal-sida.

Statens vegvesen tilrår ein trasé med 6,1 kilometer veg i dagen og 11,2 kilometer tunnel mellom Belsnes i Jondal og Austrepollen framfor Folgefonntunnelen i Kvinnherad. Her er kostnaden for 1. byggjesteg 665 millionar kroner, medan full utbygging til god standard langs fjorden mellom Nordre— og Austrepollen vil auka summen til 717 millionar.

I fylkeskommunen si handsaming av Jondalstunnelen, har ein til no gått ut frå ein byggjesum for Jondalstunnelen på 335 millionar kroner.