Saka starta med eit beslag av i overkant av eitt kilo amfetamin i fjor. Seks personar fekk den gongen kortare straffer for bruk av narkotika.

Beslaget førte til ytterlegare etterforsking, og i vinter pågreip politiet tre personar dei meiner er sentrale i saka. To av dei, ei kvinne i 50-åra og son hennar i slutten av 20-åra, er frå Stryn. Den tredje, ei kvinne tidleg i 20-åra, er heimehøyrande i Møre og Romsdal. Alle tre er sikta for kjøp, sal og oppbevaring av store mengder narkotika.

Kjøp og bruk

Dei tre som no har hatt sakene sine fram for retten er alle dømde for kjøp og bruk av amfetamin. Ein har fått 36 dagar fengsel, og ei bot på 7500 kroner. Dei to andre er dømde til å sone 30 dagar, og må punge ut med 5000 kroner i bot.

— Ei fjerde sak har vore oppe for retten, men dom er ikkje sagt. Dei andre sakene som er reist mot brukarane vil kome i tur og orden framover våren, opplyser politiadvokat Knut Broberg.

— Kor mange personar er involvert?

— Tek vi med dei seks som fekk sakene sine avgjort av retten i fjor vår, har vi no passert 20 personar som anten alt er dømde eller har status som sikta eller tiltalt.

Ikkje avslutta

Etterforskinga av dei tre som politiet meiner er hovudpersonane i miljøet, er så langt ikkje avslutta. Ingen av dei tre har så langt erkjent straffeskuld.

— Vi håpar å få gjort etterforskinga ferdig i april, seier Broberg. Han fortel at politiet meiner dei tre i alle fall har omsett amfetamin i stryneområdet frå 2004 til februar 2006. Utover dette held politiadvokaten framleis korta tett til brystet.

Politiet har karakterisert narkotikasaka frå Indre Nordfjord som ei av dei største nokon gong i Sogn og Fjordane.