Like frå Byporten til Hydros administrasjonsbygg på kaia, ein strekning på fleire hundre meter, stod det tett i tett med folk som markerte sin motstand mot Hydros manglande vilje til å investere i Høyanger-samfunnet.

Toppsjefane i Norsk Hydro måtte køyre i sakte fart for å ta seg gjennom sentrum, der små og store hadde møtt fram med plakatar og foto av industriarbeidarar.

Men like mykje som ein demonstrasjon mot Hydro, var det ei markering for industrisamfunnet ved Sognefjorden. Og om det var nokon i det heile som hadde venta aksjonar av meir handfast karakter, gjekk dei i alle fall solid skuffa heim. Det næraste det kom til litt action var nokre ungar som forsøkte seg med å kaste papirbitar etter Reitens leigebil.

— Dette var ei verdig og roleg markering. Det viser at vi står saman og vil slåss for dette samfunnet, sa kjemiskleiar Billy Fredagsvik til bt.no etter at markeringa var avslutta.

Og demonstrasjonen gjorde inntrykk på generaldirektøren.

— Ja, det gjer det. Men eg overtydd om at det som kjem ut av dette vil vere positivt for Høyanger, sa Reiten til pressa før han gjekk i møte med den lokale verksleiinga.

Seinare i dag skal generaldirektøren møte kommuneleiinga og dei tilsette på eit allmøte. I kveld møter Hydro-toppane dessutan fylkesleiinga, før dei dreg vidare til Årdal der eit liknande program står på tapetet i morgon. Reitens bodskap er klar.

Hydro vil ikkje modernisere Søderberg-hallane verken i Høyanger eller Årdal. Dersom omnane i dei to gamle hallane blir slått av utan ar arbeidsplassane blir erstatta, vil kring 1000 industritilsette misse jobben ved aluminiumverka i dei to sognebygdene.

Små og store demonstranter hadde møtt fram med plakatar og foto av industriarbeidarar.
ODDLEIV APNESETH