Ottar Kåsa frå Arabygdi i Telemark er hamna på felemakarverkstaden på Ole Bull Akademiet på Voss. Han er nesten litt overraska sjølv.

— Eg hadde ikkje tenkt på dette før for tre år sidan. Men så var det ei venninne som sa til meg «at ikkje du blir felemakar». Så kom eg til å tenke på det. Det var gneista som sette det i gang, fortel han.

Han prøvde å kome inn på Musikkinstrumentakademiet i Sarpsborg, men før han kan kom så langt vart det lagt ned i fjor sommar, fortel han.

— Vi prøvde å snappe han opp, vi hadde høyrt om han, skyt Sigvald Rørlien inn. Det er i felemakarverkstaden hos han Ottar no sit og gjer finarbeid på feler som både skal ha den rette klangen og sjå godt ut.

Felemakardynasti

— Du må vere god spelemann for å kunne lage feler. Det er heilt avgjerande. Kva slags tone fekk eg no og kva skal vekk, er viktige spørsmål, seier læremeisteren. Sjølv har Rørlien vore tilsett på Valdres folkemuseum før han kom til Ole Bull Akademiet. Han ser ut som han trivst med å ha ein elev attmed seg.

Ottar byrja ikkje å spele fele før han var 11-12 år, på musikkskulen. Før det spelte han gitar, men det var ingen heim hos han som spelte, fortel han.

— Eg har nesten ikkje spila gitar etter det, seier han på den karakteristiske telemarksdialekten sin.

Heilt til i fjor vår gjekk han og lærte felemakarkunsten av ein elev av Knut Steinkjøndalen.

— Han var veldig gammal da og så døydde han ved påsketider. Men det var ei veldig moro og interessant tid, fortel Ottar. Namnet Steinkjøndalen er knytt til eit av dei store felemakardynastia i Telemark. På same vis som Botnen er det i Hardanger.

Grotesk

Plutseleg høyrest feleklimpring. Det er mobiltelefonen til Rørlien som varslar innkomande samtale. Her går alt i feler. Dei heng oppunder taket og ligg på arbeidsbenken. Dekorerte med tynne, fine tusjteikningar, perlemorsinnlegg, ibenholt, bein eller kokt bukkehorn. Dei har sine stilar og fortel om ulike epokar og tradisjonar.

Ved sida av Ottar ligg ei vakker fele. Det er ein kopi av ei Trond Botnen-fele frå 1750-talet som er laga av Knut Oppheimsbakken i Valdres. No er det Ottar som skal kopiere. Han er i alle fall ferdig med sargen, det er det aller første som blir laga, fortel dei. Sargen er stykket mellom loket og botnen.

Botnen-felene frå Fyksesundet i Hardanger vart laga av bjørk eller svartor, men halsen gjorde dei av frukttre frå gardane der ute i Fyksesundet, fortel Rørlien. På fela til Ottar skal det kome eit litt skremmande dyrehovud, ein grotesk, som det gjerne var på felene til Trond Botnen.

Mykje støtte

Det har vore mykje arbeid å få til denne lærlingordninga til Ottar. Felemakarlære har det til felles med for eksempel reipslagarfaget at det ikkje er eit godkjent lærefag i opplæringslova. Så Ottar får ikkje noko fagbrev, og ikkje er det eit yrke til å bli feit av heller.

Men han har fått mykje støtte, fortel han. Han har til dømes fått 50.000 kroner frå Telemark fylkeskommune, 20.000 frå Laurdagsakademiet/Skjervheimseminaret og 10.000 frå Norsk folkemusikkfond. Lån i Statens lånekasse får han ikkje.

Og når han er ferdig med læretida på tre år får han betale Ole Bull Akademiet i naturalia. Slik som den fela han er i gang med å lage.

— Så lenge eg hev så det greier seg, så er eg fornøgd, seier Ottar.

Jan M. Lillebø
Jan M. Lillebø
Jan M. Lillebø