Den første distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane, Ottar Starheim, er død, 66 år gammal.

Starheim pensjonerte seg i 2010, men vart kort tid etter råka av leukemi.

Første distriktsredaktør

Som første distriktsredaktør var Starheim ei viktig og drivande kraft i etableringa av NRK Sogn og Fjordane i 1975. Han var distriktsredaktør ei årrekkje; fram til 1990, då han fekk ei friare stilling i distriktsredaksjonen.

Starheim var også redaktør og forfattar av det eineståande «Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane», som han utarbeidde både i bokform og på nett. I tillegg har han også skrive fleire lokalhistoriske bøker. Han laga også ei rekkje lokalhistoriske program frå fylket, tufta på hans store interesse og kunnskap om fylkeshistoria.

Omtykt og respektert

Starheim var ein omtykt og respektert redaktør og kollega for alle som jobba både i NRK, men også i andre media i fylket. Hans omfattande historiekunnskap kombinert med eit usliteleg godt humør og alltid like nyskjerrig på ting han ikkje visste alt om, gjorde han til ei glede å vere saman med.

Starheim hadde også store kulturhistoriske interesser. Blant anna var han lidenskapleg oppteken av gammal bygningshistorie og hadde den noko upraktiske hobbyen med å samle på — og ta vare på - gamle hus. Mange av desse står nyvølte att etter han både i Sunnfjord og på heimstaden Stårheim i Nordfjord.

Alle som fekk gleda av å bli kjende med Ottar Starheim vil sakne han stort.