Oppsynsmannen opnar fryseboksen i garasjen. Løftar på plastposar med hegre, skarv og mår til han finn det han leitar etter.

Ein iskald stakkar kjem til syne i den svarte søppelsekken. Ein fiskar fann oterliket i ei torskeruse utanfor Blomøyna i Øygarden.

—  Eg har fått inn seks eller sju slike så langt i år, seier Terje Haugland, oppsynsmann i Statens naturoppsyn i Hordaland.

Faren er stor for at otrane i fryseboksen får selskap av langt fleire. I dag opnar torskerusefisket på Vestlandet.

Drukningsdøden

Oterens favorittmat er fisk. Når torskerusene står tett i tett, grip han sjansen til eit lettvint måltid. Dykket kan bli skjebnesvangert. Mange otrar druknar i rusene.

Ein død oter i rusa er eit deprimerande syn. Fleire fiskarar legg rusene på hylla for godt etterpå.

—  Ofte har oteren vore død i fleire dagar, og er i ferd med å rotne eller gå i oppløysing. Det er ei forferdeleg oppleving, seier Haugland.

— Ein fiskar i Solund som fekk sju-åtte otrar på ein månad, slutta å setje ut rusene. Eg veit om fleire som har gjort det same.

Forskingsobjekt

Oppsynsmannen samlar på drukna oter. Ved utgangen av 2010 hadde han 17 i frysen. Desse er no i Trondheim hos Norsk institutt for naturforsking (NIVA).

Der måler forskarane vekt og lengde på skrottane, og dei studerer kjønnsorgan og feittlag. Ved å snitte ei tann og lese tannringane, kan dei fastslå alderen nokså nøyaktig.

Oteren står på den nasjonale raudlista over truga dyreartar.

— Bestanden nord for Bergen er låg, og vi må følgje utviklinga. Får vi nok bevis for at bestanden er blitt stor nok i heile Norge, kan det bli aktuelt å vurdere å fjerne oteren frå lista, seier Jiska van Dijk, leiar for oterprosjektet i NINA.

På museum

Oteren lever på toppen av næringspyramiden i økosystemet.

—  Oter er ein god indikator på at økosystemet er sunt. Utan oter langs norskekysten er noko feil, forklarar van Dijk.

I mange tiår var oteren vekke frå vestlandskysten.

— Det var ikkje oter då eg vaks opp, men vi høyrde mange oterhistorier, seier den 65 år gamle oppsynsmannen frå Askøy.

— Eg hugsar at ein Willgohs frå Bergen museum kom for å skyte oter, for å stoppe ut og plassere oteren på museet.

Felttog mot sør

Rovjakt var den viktigaste årsaka til at bestanden gjekk tilbake i heile Europa. Ikkje berre fordi pelsen var verdifull, men også fordi fiskarane ikkje ville ha konkurranse om fisken.

Frå slutten av 1960-talet vart den norske oteren gradvis freda, og i dag er oteren på full frammarsj nedover kysten. Felttoget tok til i nord og no er det sørlegaste dyret registrert på Bømlo.

I dag er det ikkje våpen, men ruser som tek flest oterliv. I kommunane rundt Bergen kan både rusedøden og trollgarn bremse ekspansjonen sørover.

—  Prøv å setje ruser og garn djupare, er rådet frå oppsynsmannen til fiskarane.

Finn du ein død oter, har du plikt til å melde frå til kom-munen. Finnaren må også ta vare på viltet, pakke det inn og fryse det ned på ein forsvarleg måte.

Du kan søkje om å stoppe ut dyret hos ein autorisert preparant, men NINA vil gjerne ha skrottane frå Hordaland. Er oteren gått i oppløysing eller er i ferd med rotne, nøyer insti-tuttet seg med skallen.

- Fantastisk syn

Himmelen og Herdlafjorden lyser blått i blått ein sjeldan fin morgon i september. Oppsynsmannen som styrer båten inn i Osundet, har oter i blikket.

— Å sjå oteren i sitt rette element er eit fantastisk syn, seier Haugland.

—  Der, seier han plutseleg og styrer båten mot Blomøyna.

Ein ny oter har flytta inn.

—  Der ser du hola hans, og der ligg ekskrementa. Ser du stien hans gjennom vierkrattet, spør Haugland og peikar.

Verten er ikkje heime. Han kunne godt hengt opp ein lapp. «Gone fishing»