Inne i mannens kjølerom fann dei stablar med femkilos ostepakkar — til saman over 900 kilo ost.

No er tiltale tatt ut mot den 46-årige Førde-mannen, som må svare for ostetjuveri, illegal alkohol og brot på våpenlova når han møter for retten i oktober.

Det var i desember i fjor at dei måpande politifolka kom over ostelageret heime hjå mannen, som ifølgje tiltalen hadde stole osten jamt og trutt sidan mai same år. I desember 2001 var det til saman blitt 855 kilo kvitost og 52 kilo brunost, og politiet måtte bruke kvelden på å få stabla det store beslaget inn i arrestrommet på politimaja.

Sjølv om ostepartiet har ein marknadsverdi på rundt 60.000 kroner, kjem ikkje Tine Meierier Vest til å fremje noko erstatningskrav mot mannen i samband med straffesaka i Sunnfjord tingrett.

— Etter at vi fekk varene tilbake, sjekka vi osten svært grundig. Noko av den var brukbar til smelteost, noko gjekk til dyrefor og noko vart kassert, fortel driftssjef Klement Roaldstveit ved Tine Meierier Vest.

— Slik kunne vi avgrense den økonomiske skaden av denne saka.

Mannen fekk sparken på dagen hjå Tine, og må i tillegg til ostetjuveriet stå til rette for ti liter illegal sprit og over 200 boksar sterkøl som politiet meiner er ulovleg innført. Påtalemakta har også tiltalt mannen for brot på våpenlova, etter at dei fann diverse gevær som ikkje var innelåst på forskriftsmessig måte.