I helga hausta dei stolte damene Jorunn Kvalvågnes (52) og Svanhild Spurkeland (53) det første østerspartiet, som går til restaurantar her heime. Men noko skal også vidare som eksklusivt råstoff i ein kokkekonkurranse i Lyon, Frankrike.

— Norsk østers er ettertrakta nedover kontinentet, seier Svanhild, kry over at akkurat deira østers skal enda sine dagar i franske gourmetmagar. Men på Kvalvågnes i Lindås er det i dag lite som gjev assosiasjonar til overklasse, sjampanje og kvite dukar. Der går det meir i regnbyer, regnkle, varmedress, og uendeleg tolmodigheit.

Gammal næring

Opphavleg fanst østersen i vill tilstand her ute, og folk i området hadde i tidlegare tider østersdyrking som attåtnæring og leverte fast til «finare» Bergens-familiar og til Danmark. Så god var kvaliteten at Lindås-østersen fekk sølvmedalje og diplom på ei utstilling i Stockholm i 1897. Sjølvaste tsaren av Russland la inn ei bestilling. Men den var så stor at «Onæs og Maraas Østerskompani» dessverre ikkje greidde effektuera ordren. Ein sjukdom på yngelen kring 1910 sette ein stoppar for østersdyrkinga, heilt til dei to damene starta den opp att nesten hundre år seinare.

Veks seint

50 tonn østers årleg har Svanhild og svigerinna Jorunn Kvalvågnes konsesjon på. For fem år sidan danna dei Lindås Skjel AS. Melde seg på fagkurs, tok eksamenar, sende søknader om tilskot og lån, kjøpte yngel. Tau, blåser og korger kom på plass. Sidan er dei vortne ganske så drevne i østersgamet.

Østersen veks ikkje om vinteren, berre om sommaren. Så det har tatt dei fire år å koma i produksjon. Alderen på østersen viser att som årringar på skjelet. Dagens «fangst» er berre på vel 2500 østers. Minimum 55 gram må østersen vega før dei leverer den til oppkjøpar Eivind Bergetun på Rubbestadneset. Stykkprisen dei får er 5,50. I butikkane går den for ca. 16 kroner. På restaurantrekninga er nok den prisen dobla endå nokre gongar. 4-5 østers går det med til ein skikkeleg forrett.

Gode vilkår

Damene må venta eit heilt år til neste gong dei kan hausta. Då reknar dei med å ha 15.000 leveringsklare østers. I mellomtida skal ny yngel setjast ut. Korgene må reinskast for groe og sjøpølser tre-fire gongar for året.

  • Sjøstjerner er det verste, dei syg maten utor østersen, forklarar Svanhild.

Men med ein kråkebolle i kvar korg held dei seg borte. Står korgene djupt, er det liten tilvekst. Heng korgene derimot høgt i sjøen, veks østersen raskt. Men det gjer groen også, og den stel næring frå østersen. Den varme sommaren i fjor gjorde at østersen la godt på seg. Farvatna her inne i Lindåsosane er vel eigna for østersdyrking; god gjennomstrøyming og litt ekstra ferskvatn gjer at østersen trivast.

Med sitron attåt

På den vesle kaien på Kvalvågnes er det full familieaktivitet. Å reinska østersen er eit omfattande arbeid og krev innsats frå alle. Med kniv vert ruren og den nyaste vekstkanten skrapa bort. Produktet skal sjå delikat ut for kunden. Tre generasjonar er i sving. Praten går om østers. Om korleis dei dyrka den i «gamle dagar». Og om bruk og smak; nokon slurpar østersen rå, andre sprutar på litt sitron. I fiskesuppe fungerer den utmerkt. Den mest spennande varianten er den dampa i kvitvin, med fløyte og kvitløk.

Men om østersen, slik mange hevdar, har effekt på kjærleikslivet, vil dei smilande oppdrettardamene ikkje uttala seg om.

Det får den enkelte prøva ut sjølv ...