— Brustyret vil snart gjera vedtak om dette. Og Statens vegvesen har opplyst at det tidlegaste Autopass kan setjast i verk, er frå årsskiftet 2004-2005, seier styreleiar for Osterøy bruselskap, Ove Kleiveland, til Bergens Tidende.

— Har Statens vegvesen pressa på for å innføra Autopass på Osterøybrua?

— Statens vegvesen har teke initiativ overfor brustyret med tanke på å få ned driftsutgiftene og få til eit meir brukarvenleg system for innkrevjing. Og vi har grunn til å tru at vi ville fått pålegg om Autopass om vi ikkje hadde gjort noko sjølve. Men no er det altså semje i brustyret om at Autopass skal innførast, seier Kleiveland.

Passasjerar gratis

— Men på Osterøybrua tek de betaling også for passasjerane. Korleis løyser de dette med Autopass?

— Då må vi slutta å ta betaling for passasjerane. Det betyr eit tap av inntekt på 20 prosent, så det må vi vega opp med auke i taksten for bilen. Men med den utviklinga vi har i trafikken, trur eg ikkje vi treng kompensera fullt ut for bortfallet av passasjerbetaling. Kleiveland opplyser at døgntrafikken på Osterøybrua passerte 2000 bilar i 2003.

Bompengeperioden på Osterøybrua, fast-sett av Stortinget, varer til og med 2014. Med dagens takt i trafikken reknar Kleiveland med at brua (og Hannisdalslina, som kom inn seinare) er nedbetalt eit par år før.

— Men vi har og tankar om å delfinansiera ny veg frå Hauge til Lonevåg med bompengar frå brua. Dersom vi får det godkjent, vil innkrevjinga halda fram ut den fastsette perioden, men ikkje lenger enn det, seier Ove Kleiveland.

Ingen vits i

På Nordhordlandsbrua er det stadig vekk ingen som tenkjer på å innføra Autopass.

— Vi har diskutert det med Statens vegvesen, men kome fram til at det har lite for seg med så kort tid att. Brua er ferdig betalt mot slutten av neste år, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen til Bergens Tidende.

Vegdirektør Olav Søfteland seier til BT at dei aldri har vurdert å ta opp spørsmålet om Autopass på Nordhordlandsbrua.

FÅR AUTOPASS: Osterøybrua.
FRED IVAR UTSI KLEMETSEN