Om ein månad går D/S Oster attende til Mastrevik. Då skal eldste delen av dekket på forskipet utbetrast. Sommarsesongen er langt på veg planlagt, det manglar ikkje på oppgåver og tilbod om representasjon:

— Vi må faktisk halda litt tilbake og passa på at vi ikkje påfører skipet for mykje slitasje. Planen er å byrja i midten av mai og halda på til i slutten av september, seier Lehmann.

Salong og lugarar

På fartøyvernsenteret i Norheimsund har dei arbeidd med innreiing av fyrsteklasse-salongen og to lugarar under dekk. Steg for steg skal «Oster» tilbake slik båten ein gong var. Det er eit puslespel å innreia salongar og lugarar.

Når sommarsesongen er over, er det planen å gå i gang med etterklinking av styrbord ytterskott på hovuddekk og samstundes fullføra isoleringsarbeid i maskineriet, det er kjelen og dampførande røyr som må ha ekstra «kledning».

— Elles er det arbeid med å gjera i stand lugarar, salong, messe og «sters» for oppbevaring av kjørler og serveringsutstyr. Dersom vi greier å reisa dei midlane som trengst, reknar vi med å ha eit representativt regionalt kulturminne å visa fram til 100 årsminnet for unionsoppløysinga, seier Lehmann.

Veteranbåt-treff

Han legg til at det er i gang eit arbeid med å skipa til eit veteranbåt-treff i Bergen i 2005, og då vil D/S Oster vera eit naturleg midtpunkt:

— Dessutan er Oster berre tre år yngre enn unionsoppløysinga, det var i 1908 at gamle dampen var ferdig bygd.

— Korleis går det med finansieringa av alt dette arbeidet?

— Til no har vi rimeleg god kontroll. Eg reknar med at det også skal bli råd å få arbeidet fullført og at vi kan få påplass dei pengane som trengst i løpet av året, seier entusiasten Lehmann som snart skal til Oslo for å takka for Kongens fortenestemedalje som han fekk i fjor haust for sin innsats med å berga D/S Oster.

<b>SALONGEN</b> på 1. klasse er blitt restaurert i vinter på fartøyvernsenteret i Norheimsund.
ERIK SMÅLAND