Drivkraft og venelagsleiar, Vidar Lehmann, er sjølvsagt glad for alt godt arbeid som er gjort, over dekk er Oster no ship shape:

— Men enno må vi gjera store ting med rom under dekk. Her er det både metallarbeid og innreiingsarbeid som står att. Vi treng minst eit par millionar til før vi kan seia at alt er som det skal vera, seier Lehmann. Han reknar Oster som «2/3 ferdig»:

— No er båten så fin, at mange trur at alt er gjort. Men vi må ha den både til mekanisk verkstad og til fartøyvernsenteret i Norheimsund for å restaurera og setja i stand lugarane under dekk både framme og bak, seier Lehmann som vonar at folk framleis er viljuge til å yta det som trengst for å få Oster heilt i orden.

Tor J. Bjørgaas - både maskinist og formann i veteranbåtlaget - er hoppande glad for alt som er gjort:

— Maskina er skikkeleg overhala, kjelen reingjort, veivaksling og botnskåler og rammelager er ordna og justert. Fredag var skipskontrollen om bord og hadde berre godord å koma med. Det beste av alt er at no går dampmaskina slik ho skal, den brummar stille og vi er kvitt mykje støy som har vore før.

Elles er det gjort mykje godt restaureringsarbeid på promenadedekket, nye spilebenkar og presenning på rekka gjev eit autentisk preg. Fleire lugarar og byssa er sett godt i stand:

— Vi har til og med fått skikkeleg vedkomfyr på plass! Denne komfyren fann vi i Holland. Det er ein opphaveleg engelsk komfyr som var godkjend for bruk i den britiske marine. Ikkje alle kan skryta av å ha komfyr som den engelske dronninga har godkjend! seier Bjørgaas.

Planane for tida framover er klar: fleire kulturarrangement får vitjing av Oster i vekene framover. Dessutan skal Oster vera med på den store veteranbåt-turen til Modalen med BT den 7. september. Også på Hurtigrutens dag skal Oster representera...

SJÅ SO FINT: Tor J. Bjørgaas er retteleg stolt av det fine promenadedekket på «Oster» som har fått både rekkepresenning og nye spilebenkar. <p/>PAUL S. AMUNDSEN (foto)