Når sommarrutene kjem i gang i juni, vil morgonekspressen, det tidlege Signatur-toget, bruka 6 timar og 54 minutt frå Bergen til Oslo. Det er 22 minutt lenger enn etter dagens rutetabell.

Det tilsvarande toget i motsett retning, aukar køyretida med 17 minutt til 6 timar og 41 minutt.

For snart 27 år sidan, 30. mai 1976 sette NSB inn ekspresstoga «Henrik» og «Pernille» på Bergensbanen. Namna fekk dei etter namnetevling. Turen gjekk unna på 6 timar og 40 minutt for toget som gjekk vestover, 6 timar og 45 minutt for austgåande.

Det var slett ikkje ei slik utvikling ein såg for seg då NSB gjekk til innkjøp av krengjande høgfartstog og Jernbaneverket sette i gang med sitt Krengetogprosjekt. Men opplegget fekk ein alvorleg knekk, i dobbelt forstand, då eit av supertoga knekte akslingen på Sørlandsbanen. Selskapet som har kjøpt opp togfabrikken har lova å skifta til akslingar som held i dei krappe kurvene på norske skinner, men enno har NSB ikkje våga å setja farten opp. Draumen om køyretid ned mot fire timar dunstar også bort i manglande vilje til innkorting av lina mellom Hønefoss og Oslo (Ringeriksbanen).

Auka reisetid skuldast ikkje at toga stoggar på fleire stasjonar. Talet på stoppestader har ein lei tendens til å gå ned over tid.

Hovudgrunnen er tett togtrafikk på siste strekket inn mot Oslo, eit problem som har auka etter at toga på Bergensbanen vart sende via Drammen, i staden for Roa. Det siste er at tog på Vestfoldbanen har fått prioritet, med avgangar like mange minutt over kvar time. Eit anna argument er at knapp køyretid minkar sjansen til å halda ruta.

Samferdslestatistikar Idar Mo i Sogn hevdar at storbyane i Europa har kuppa dei nasjonale jernbanenetta. Det gjeld også Oslo. Pendlartrafikk som høyrer heime på buss, trikk, T-bane og forstadstog lagar flaskehalsar på jernbanenettet slik at det er håplaust å føra fram godsvogner så det monnar. Det er problematisk nok med langdistansetog.