Dronninga skulle i dag ha besøkt United World College i Fjaler. Ho er beskyttar for den internasjonale skulen, og har vore der ei rekkje gonger dei siste åra.

I morgon skulle dronninga på offisielt besøk til Gaular kommune. Arrangementet var lagt til Åmot gard i Bygstad, operagarden som er mest kjend for konsertane med den verdskjende sopranen Kiri te Kanawa i fjor.

I ei pressemelding som i dag tidleg blei lagt ut på nettsidene til kongehuset, seier dronninga at ho hadde sett fram til besøket og seier seg lei for at det ikkje kan gå som planlagt.

AVLYST: I morgon skulle dronninga på offisielt besøk til Gaular kommune. FOTO: Scanpix