Politiet i Os gjennomførte fartskontroll i Industrivegen, Byvegen og i Hatvikvegen i går. På to og ein halv time, mellom klokka tolv og halvtre, var det berre ein sjåfør som var for hard på gasspedalen.

I sekstisona i Hatvikvegen vart han målt til 77 km/t. Det kosta han 4200 kroner.

– Snittfarten på målingane var bra, det er grunn til å berømme folk for det, seier politibetjent Ørjan Hjortland.