Oselvaklubben, eller Bergen og Hordaland Seilersamband (BHS) som namnet var den gongen, vart stifta på Fønix Hotell i Bergen 27. august 1945. Då hadde oselvaren alt lenge vore i bruk som tur— og konkurransebåt. BHS skulle få orden på kappseglinga slik at båtar og utstyr vart mest mulig like til regattabruk.

— Alt i 1871 vart det for første gong skipa regatta med oselvar, fortel forfattar av jubileumsboka, Kjell Magnus Økland. Han fortel om ein båt som kom til byen og vann ry som fritidsbåt, både til tur og til kappsegling og kapproing.

— I nesten 100 år var båten både arbeidsbåt og fritidsbåt, fortel Økland.

No i jubileumsåret skal soga om båten, som er elska av både bymann og stril, forteljast. Frå den urgamle historia om korleis båten har utvikla seg, om eksport til Shetland, og oselvaren som bruksbåt. Eit kapittel fortel den meir enn hundre år lange historia om kappseglingsbåten.

— Så har vi med eit kapittel om korleis båten skal brukast. Eg vil gje svar på 50 av dei mest vanlege spørsmåla om oselvaren, rett og slett ein bruksgaid, seier Økland.

— Men det er mykje styr med ein slik båt?

— Det er ein myte. Mykje av drivkrafta bak dette bokarbeidet er å få båten i bruk. Dette er ein båt som fyller dei fleste krav. Han kan både roast og seglast. Han er lett å ta med på ei vogn, og kan ikkje søkka. Den ideelle fritidsbåten, reklamerer Økland.

Finn Totland er dagens leiar i Oselvarklubben, og legg vekt på det sosiale, og miljøet som oppstod rundt båten.

— I hvert av båtlagene har det vært en overlevering fra gammel til ung, som er uvurderlig, seier Totland.

Jubileumsboka vil også ta med denne delen av historia. Det er også laga eit kunnskapens tre, som syner korleis båtbyggartradisjonen er overlevert frå 1750 og fram til i dag.

Men båten må også brukast, og i dag blir oselvaren feira med kapproing og segling i Os.

<b>REGATTA: </b>Oselvaren får mykje skryt som regattabåt. Her frå Milde Båtlag sin haustregatta 1979. Fremst "Jason" med Finn Totland ved roret. Bak til høgre er "Japp".