Det var stor stemning både på scenen og i eit fullsett Fjellheim då Os Vocalis heldt jubileumskonsert laurdag kveld. Korjentene har stått for alt sjølve, og det var tydeleg at ramma rundt konserten med småbord og sal av forfriskingar i pausen fall i smak hos publikum. At så mange Osingar vil bruke laurdagskvelden på korkonsert er verkeleg inspirerande for jentene i koret!

Tore Kloster har dirigert Os Vocalis sidan i fjor haust. Han er ein erfaren kordirigent, og er utdanna songar frå Griegakademiet og London. Tore starta med Eggums ”Små damer” som ein hyllest til damene, og koret følgde opp med ”Big Spender” – ei oppfordring til publikum om å ha det gøy i lag med koret! Jentene delte på konferansieroppgåva der både litt historie og musikken muntert blei presentert.

Jentenes beste venn

Programmet var variert, med nummer frå musikalar, slagerar frå ulike tider, folketonar frå inn— og utland med kjærleiken som tema. Koret song mykje a capella, men hadde glimrande pianoakkompagnement frå Irene Simonsen på dei andre numra, blant anna ein livleg Chicago-medley. Høgdepunkta var fleire, og nemnast må gjerne ”Summertime” og ”Diamonds are a girls best friend”.

Jentene fekk også vist seg fram i små vokalgrupper – innslag publikum viste å sette pris på. Før pausen gav blant anna ei forklekledd gruppe ei frisk oppskrift på Chili con carne – passande stemningsskapar før pause med forfriskingar!

Skryt frå ordføraren

I høve 25årsjubileumet var også ordførar Terje Søviknes på plass i Fjellheim for å overrekke gåvesjekk frå kommunen. Han takka koret for å vere gode ambassadørar for kommunen og inspirasjonskjelde i kulturmiljøet.

Koret avslutta kvelden med middag og fest, og feira seg sjølv til den lyse morgon!

Dirigent Tore Kloster får full oppmerksomhet fra f.v Christina Moberg, Kari J. Olsen, Anne Synnøve Nilsen, Anne Marit Brekke, Merethe Winsents Foer, Sissel Rosland.
Bård Berle
Spice girls a la Os Vocalis serverte svingande Chili con carne etter oppskrift frå The Real Group.f.v Kristin Rød, Laila Storvik, Merethe Winsents Foer, Anne Marit Brekke, Ingrid Underhaug, Janniche Askeland.
Bård Berle
Stor stemme om "Små damer".Irene Simonsen og Tore Kloster.
Bård Berle
Resten av koret nyt framføringa til ei av vokalgruppene. I gruppa f.v.: Anne Marit Brekke, Grethe Bynes, Elin Sælen, Martha Heggland.
Bård Berle