I går vedtok Os formannskap budsjettet for 2006. Ein brei koalisjon med Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Tverrpolitisk Samlingsliste står bak framlegget, og dei konsentrerer seg om primæroppgåvene. Barnehagar, skule og dei eldre er prioriterte.

Os er ein kommune i vekst og det byr på både utfordringar og vonleg fordelar for kommunen. Neste år ser politikarane for seg at det er kome til 370 fleire osingar. I budsjettet er det lagt til grunn at folkeauken gjev 3,4 millionar kroner meir i skatteinntekter og rammeoverføringar. I budsjettet vert det også peika på at folkeauken må gje seg utslag i kreativ utnytting av eksisterande infrastruktur.

Meir effektiv tenesteproduksjon skal sørga for ei innsparing på 2, 5 millionar kroner. Slark i organisasjonen skal hentast inn, heiter det, og alle einingane må bidra.

Ap er utanfor det gode budsjettselskap, og har levert sitt eige framlegg. Til BT seier gruppeleiar Terje Hermansen at budsjettkoalisjonen lever på forskot når dei balanserer budsjettet på grunnlag av prognosar om folkevekst og effektivisering.