JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no

Som motyting for denne avtalen, gav ordførar Terje Søviknes russen ein sjekk på 30.000 kroner.

– Eg vonar med dette at Os-russen kan vera eit førebilete for elevar i barne— og ungdomsskulen i Os, men også for russ i andre kommunar i Hordaland, seier Terje Søviknes til Bergens Tidende.

Det er vel kjent at stoffmisbruk har vore eit problem på Os i lengre tid, ikkje berre i vidaregåande skule, men óg i ungdomsskulen.

Søviknes fortel at initiativet til dette kom frå ein del av russen, som gjerne ville har reklame på russebilen sin.

– Eg tok opp tanken, og utfordra dei så til å forplikta heile russen, både på Os gymnas og Os vidaregåande skule, til å halda seg heilt unna narkotika i russetida. Då skulle dei få ikkje berre 10.000 kroner, men 30.000 kroner, seier Søviknes.

I føremiddag møtte representar for dei to russestyra opp på Søviknes’ kontor med høgtideleg lovnad frå heile russen, og avtalen vart underteikna.

Som synleg teikna på avtalen, skal all i russen bera ein logo der det står Os-russ mot stoff. Denne logoen skal og pryda russebilane.

Det bør presiserast at avtalen ikkje gjeld alkohol.

– Stoff er forbode. Alkohol er det ikkje, vart det sagt.