Det har vore nokre turbulente år i rådmannsstolen, sjølv om Skorpen Hansen hevdar han har opplevd langt tøffare tak i andre jobbar. Etter det BT kjenner til hadde rådmannen følarar ute alt i vår for å sjekka om politikarane var innstilte på å fornya åremålet hans. Tilbakemeldingane den gongen skal ha vore negative. Dette avviser Skorpen Hansen. Dei politikarane BT har vore i kontakt med ønskjer ikkje å kommentera kva signal dei har gjeve, men stadfestar at spørsmålet om vidare åremål har vore diskutert av gruppeleiarane. Førespurnaden vart ført til torgs av ordførar Terje Søviknes. Han ønskjer ikkje å kommentera saka.

— Ingen dramatikk

Skorpen Hansen seier til Bergens Tidende at det ikkje ligg nokon dramatikk bak avskjedssøknaden.

— Eg gjorde opp status i sommar, og fann ut at det var rett tidspunkt å skilja lag med Os kommune.

Då Skorpen Hansen byrja som rådmann, stod Os kommune framom massive nedskjeringar. Rådmannen fekk ei sentral rolle som ryddegut, og kom tidleg i klinsj med fagrørsla, spesielt Fagforbundet og hovudtillitsvald Jonny Christensen. Forholdet kom aldri på rett kjøl att, og samanstøyta har kome som perler på snor etter kvart som rådmannen har sett i verk konkurranseutsetjing og andre politiske bestillingar frå Frp-H-leiinga.

- Ingen ryddegut

Motstandarane har hevda at Skorpen Hansen har vore ordførar Terje Søviknes sin ryddegut, men dette vert avvist av rådmannen.

— Eg har rydda på vegner av alle innbyggjarane i Os. Situasjonen i 2001 var prekær, men etter eitt år hadde vi snudd skuta. Så har vi bygt stein på stein, og er i dag i balanse, seier rådmannen, og legg til at han har eit heilt utmerkt forhold til dei tillitsvalde, og at konfliktnivået er haussa opp i den lokale pressa.

Skorpen Hansen har bakgrunn frå forsvaret og det private næringslivet, og seier til BT at han har eit ope sinn i høve til framtidig jobbkarriere. Han ønskjer ikkje å kommentera om han har nokon ny jobb å gå til, og seier at han vil konsentrera seg om rådmannsjobben til oppseiingstida på fire månader er over.