Ved å lata båtane korrespondera med bussavgangar til Flesland og Bergen, sparar fartøya gangtid som kan overførast til hyppigare tilbringarteneste mellom Sunnhordland og Os. Til Kvinnherad formannskap sitt møte neste torsdag blir det gjort framlegg om at Os, Bergen, HSD og sunnhordlandskommunane saman drøftar ein ny snøggbåtterminal på Os. Nok ein gong skal også Kvinnherad-ruta opp til votering.

Administrasjonen ønskjer ei morgonrute frå Sunde klokka 07.45 via Herøysundet, Rosendal og Vikane som er på Os klokka 09.20.