I eit brev til Os kommune, ved kommunestyre, rådmann og kultursjef, går idrettsrådet i Os til åtak på det dei meiner er kommuneleiinga si dårlege handsaming av idrett og frivillig arbeid.

Idrettslaga og idrettsrådet er fortvila og oppgitt, og her nokre av innvendingane dei har lista opp som kjerneproblem:

***** Berre 35 kroner i tilskot per medlem i idrettslag. Tilskot til idrett og friidrettsliv over kommunebudsjettet var i 1986 på 181.000 kroner. I 1996 på 185.000. Og i 2008 på 189.000 kroner. Til samanlikning gir kommunane Fjell og Askøy, som kan samanliknast når det gjeld folketal, 350.000 og 500.000 kronar.

  • Politiske vedtak om støtte til idretten vert ikkje gjennomførte.

***** Førespurnader frå lag og idrettsråd vert ikkje svara på.

  • Økonomiske tilskot til idrettslaga er lågare i kronebeløp no enn for 20 år sidan.

***** Kommunen vil bruke nærare 200 millionar kroner på kulturhus utan at idretten vert ofra ein tanke.

***** Kulturadministrasjonen har ingen tilsette med idrettsfagleg kompetanse eller erfaring frå idrettsorganisasjonar, trass i at idretten er suverent største frivillige rørsle i kommunen.

Vert ikkje prioriterte

— Inntil sommaren 2007 hadde fleire av dei store idrettslaga inntekter frå speleautomatar. Det merkast at dei er borte, seier leiar i Os idrettsråd, Grethe Søviknes.

— Det vi særskilt reagerer på, er at kommunen ikkje følgjer sine eigne vedtak. I kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet 2008-2011, godkjend i kommunestyret, vart det vedteke at kommunen skal dekke renteutgifter som kjem på grunn av sein utbetaling av spelemidlar. Då laga presenterte det, ville ikkje kommunen stå ved det, påpeikar ho.

Svart på kvitt står det: «Sidan det i planperioden vil vera minimum fire års ventetid på utbetaling av spelemiddel, skal kommunen dekkja renteutgiftene på forskotterte spelemiddel inntil utbetaling skjer.»

Er innkalla til møte

I brevet som vart sendt kommunen i august, argumenterer idrettsrådet med at nær 6000 av dei 16.000 innbyggjarane i Os er med i eitt eller fleire av dei 31 idrettslaga i kommunen, og at idretten er den suverent største frivillige rørsla i Os.

— Vi er endeleg innkalla til møte med Os kommune mandag. Og det er positivt, for her må noko gjerast!

— Kva då?

— Kommunen må auke dei økonomiske ytingane. Dei må tenkje på alle dei born og unge, og frivillige, som vi organiserer i dag. Alle foreldre som køyrer til og frå trening. Alle idrettsbaner med unntak av idrettshallen og symjehallen, er drivne av idrettslaga i kommunen, påpeikar Grethe Søviknes.

— Kor lenge har de følt at kommunen har nedprioritert og tilsidesett dykk?

— Støtta har sakte men sikkert minka med åra. Frå 1986 har tilskota stått stille, dei er ikkje justert for prisoppgangen. Og i tillegg har også talet på medlemmer auka med 25-30 prosent, slik at snittilskotet per medlem er blitt endå lågare.

Grethe Søviknes gler seg over den nye symjehallen, som opna i fjor. Det var eit positivt tilskot til idrettslivet i Os.

FORTVILAR: Grethe Søviknes, leiar i Os idrettsråd, meiner Os kommune handsamar idretten og det frivillige arbeidet dårleg.
Odd Mehus