Det gjekk riktig så bra på stevnet vårt i Sveio i helga.

Dette er eitt av fire regionale cupstevner som er arrangert av kampsportkretsen.

Då medaljane skulle tellas opp fekk Os Karateklubb føljande:

  • to gull
  • tre sølv
  • to bronse.Dette er sju av sju mulige medaljar.

Åsmund Slettevold: gull i kamp og kata 12-13 år

Erlend Slettevold: bronse i kamp, sølv i kata 14-16 år

Henrik Reed-Larsen: sølv i kamp, ikkje med i kata 14 — 16 år

Bjarte Storum: Sølv i kamp, bronse i kata 16 - 18 år.

Kommentarar:

Åsmund var suveren. Han var imponert over dei som kom på 2. plass, men dommarane var ikkje i tvil om kven som var best...

Erlend var uheldig i siste innleiiande runde og var litt for hard då han skulle eksperimentera med nokre snedige teknikkar. Han vann resten av kampane og fekk bronse. Finalen i kata var jamn, og det vart tap med minst mulig margin.

Henrik var klok og taktisk, og tok seg greitt til finalen, utan å vera trua i nokon av kampane. Finalen vart og jamn, men her måtte han sjå seg slått.

Bjarte Storum tok første poenget i finalen sin, og det såg svært lovande ut. Diverre var motstandaren eit hakk meir erfaren, og drog sigeren i land. Han vert snart 18, og då går han opp ein klasse. Då er eg kvitt han, seier Bjarte med eit lurt smil.

Hovudtrenar Cato Bruarøy har spissa dei tre eldste mot junior-NM neste helg, så dette stemnet var ei slags oppkjøring. Formtoppen er planlagt å koma neste helg.

Heine Øvredal