PER MARIFJÆREN

I staden samlar konsernet verksemda si på Nordfjordeid, der dei allereie har eit anlegg som er meir moderne enn i Jølster.

Det er rundt 25 år sidan bakeriet i Jølster starta under namnet LeFi Bakst. Seinare gjekk LeFi inn i kjeda Bakehuset Norge, som tidlegare i år vart kjøpt opp av Bakers — som igjen er heileigd av Orkla.

I går hadde leiinga i bakekjeda informasjonsmøte med dei tilsette både på Nordfjordeid og Vassenden. Naturleg nok var bodskapen tyngst å svelgje på sistnemnde plass, der det er 18 årsverk fordelt på 25 tilsette.

— Det er ein trist bodskap, og det var ingen god stemning, medgjev direktør Øystein Halvorsen i Bakehuset Norge AS. - Men eg opplevde likevel at dei tilsette forstår dei vurderingane som ligg til grunn.

Og det er ifølgje Halvorsen overkapasitet i marknaden, samt at Jølster-avdelinga sist sommar mista kontraktar tilsvarande åtte-ti millionar kroner på årsbasis. I tillegg måtte bakeriet hatt omfattande modernisering om drifta skulle halde fram.

— Eg trur dei tilsette hadde venta at noko skulle skje. Og i dag måtte vi informere om den avgjerda som er tatt, seier Halvorsen.

— 14 årsverk skal vekk, og nedbemanninga skal skje i samarbeid med dei tillitsvalde, seier han. - I denne prosessen vil vi ta omsyn til både den enkelte sin kompetanse og ansiennitet.