PER MARIFJÆREN

— Mange føler seg nok litt utmatta og ferdige med denne saka. Dei veit at vi aldri kan få tilbake Hedda, og at den antatte gjerningsmannen er tatt, seier rektoren ved Sogndal folkehøgskule.

Hjort-Larsen vil saman med ein annan person frå skulen følgje rettsforhandlingane og dagleg informere elevane om det som har kome fram.

Erkjente drapet

Det var om kvelden torsdag den 28. oktober i fjor at den 19 år gamle folkehøgskuleeleven vart funnen død på internathybelen sin i Sogndal.

Drapskvelden hadde ho vore på konsert med bandet We på studentstaden Meiereriet i Sogndal, og vart sett saman med tiltalte som ho for øvrig kjende frå før.

Ut frå blant anna DNA-spor på åstaden starta politiet etter kort tid jakta på den no tiltalte Hassan Samyie Hashin (35). Den somalske statsborgaren hadde norsk opphaldsløyve og fast jobb i Sogndal, men tok ut ein større pengesum og reiste med nattbussen til Oslo få timar etter at Hedda var funnen død. Der stoppa alle spor etter 35-åringen, inntil vidare.

Hashin vart etterlyst gjennom Interpol. Fredag 7. januar i år vart han pågripen i den nederlandske byen Zwolle og etter kvart utlevert til Norge.

I avhøyr erkjente han å ha tatt eit kvelartak på Hedda, og ved eit seinare fengslingsmøte erkjente han overraskande straffeskuld etter siktinga.

Dette inneber ikkje automatisk at han kjem til å erkjenne straffeskuld etter den vekegamle tiltalen han blir konfrontert med når rettssaka startar i morgon.

Blitt samansveisa

Etter denne tiltalen skal Hashin ha utøvd grov vald mot Hedda Karterudseter før han valdtok og kvelte henne.

Heddas næraste familie har kravd 120.000 kroner i oppreising frå tiltalte, og skal etter planen møte opp for å følgje saka saman med sin bistandsadvokat.

Det vil altså ikkje medelevane hennar.

— Vi har grua oss til denne rettsaka, men vi ser også fram til å bli ferdige med den, seier rektor Frode Hjort-Larsen.

— Midt oppe i denne tragedien har vi trass alt greidd å gjere dette til eit lærerikt og meiningsfullt skuleår. Saka har nok også gjort oss enda meir samansveisa enn normalt.

Ingen av elevane har sagt at dei ønskjer å vere til stades i rettssalen.

— Men saka er jo open for publikum, så det er jo fullt mogeleg. Hittil er det berre ein lærar som har ytra eit slikt ønske.

Rasistiske brev

Elevane har også gjort det klart at dei ikkje ønskjer å uttale seg til media, ut over ein pressekonferanse som er planlagt til tysdag ettermiddag. Der vil skuleleiinga pluss ein representant for elevane vere til stades.

— Ein del har hatt svært ubehagelege opplevingar etter at pressekorpset var her sist, fortel rektoren.

— Kva slags opplevingar?

— Blant anna mottok dei sms-ar og brev med rasistisk innhald. To av desse anonyme breva er politimelde.

I følgje Hjort-Larsen har skulen arbeidd for at ikkje saka skal føre til rasistiske haldningar mot innvandrarmiljøet i bygda.

— Det har vore ein nærliggjande fare og eit naturleg tema for oss. Eg kan nemne at til og med Heddas foreldre midt oppe i all si sorg har vore opptekne av denne problemstillinga, seier rektoren.

DREPT: Hedda Karterudseter.