PER MARIFJÆREN

ARNE COLLIANDER

Advokat Sigmund Z. Berg meiner selskapet har eit alvorleg problem i leiinga. Som advokat har Berg representert dei maritime fagorganisasjonane i ei lang rekke saker dei siste tiåra, og har hatt HSD som motpart i fleire av rettstvistane.

Trakk seg på dagen

Siste gang for få veker sidan, da tingretten kjende HSDs oppseiing av «Baronessa»-kaptein Jan Nessa for ugyldig. Da dommen fall, gjekk Berg ut i BT og kalla reiarlagets personalpolitikk for aggressiv og uforsonleg.

Blant dei som vitna i rettssaka var Nessas tillitsvalde i Norsk Sjøoffisersforbund, Ove R. Nielsen. På dette tidspunktet var han også vald inn i styret for HSD Sjø, som representant for dei tilsette.

Som tillitsvald hadde Nielsen allereie før rettssaka starta stått ope fram og støtta Nessa, noko han etter kvart skulle få svi for internt i selskapet.

Under rettssaka der «Baronessa»-kapteinen fekk tilbake jobben i HSD, kom Nielsen med eit oppsiktsvekkjande vitneprov. Her fortalde han blant anna om korleis han i samband med eit styremøte regelrett var blitt utskjelt av ein framståande representant for administrasjonen i HSD.

Dette medførte at Nielsen kort tid etter, den 28. januar i år, melde frå om at han trakk seg frå både bedriftsstyret og tillitsmannsarbeidet med straks verknad. Nielsen er no tilbake som fergekaptein i reiarlaget.

Manglande respekt

I oppseiingsbrevet grunngjev Nielsen dette med mangelen på respekt for korleis tillitsmannsoppgåvene bør løysast, med den generelt dårlege informasjonen og kommunikasjonen i selskapet og den eksterne informasjonen frå selskapet.

Nielsen har altså både skriftleg og i open rett fortalt om dei interne forholda som gjorde at han ikkje kunne halde fram i verva, men han ønskjer likevel ikkje å snakke om saka når Bergens Tidende tar kontakt.

Men advokat Sigmund Z. Berg meiner at noko har skjedd med bedriftskulturen i HSD i etterkant av «Sleipner»-forliset.

— HSD opptredde forbilledleg i Sleipner-saka, og slo ring om sine tilsette. I dag verkar det som om dei sparkar folk straks noko skjer, allereie før saka er blitt skikkeleg undersøkt. Endringa i måten dei opptrer på, er heilt påfallande, meiner advokaten.

Han viser til korleis selskapet har handtert ulukker og personalsaker dei siste åra, både i media og i rettssystemet.

- Vilje til negativ omtale

— Det verkar som om einskilde personar i leiinga er utruleg kjappe med å ta standpunkt på vegner av selskapet. Når dei taper i retten, slår dei straks fast at det skal ankast, sjølv om selskapet umogeleg kan ha hatt tid til å vurdere saka skikkeleg, meiner advokaten. - Vi har sett korleis dei ventar i det lengste med å inngå forlik, med dei belastningane dette gir alle involverte, inkludert familiane deira. Det er med undring eg ser kor store belastningar HSD er villige til å ta på omdømmet sitt, berre for å tvinge gjennom ei slags handlekraft.

Frå sin ståstad på motsett skranke framstår det for Berg som om HSD har eit alvorleg leiarproblem:

— Eg spør meg kven som står bak og styrer denne strategien. Er det verkeleg selskapets besluttande organ som har styringa, eller er det overivrige folk i administrasjonen som er altfor raske til å binde opp HSD si haldning i desse sakene, seier advokaten.

— Når HSD er villige til å gå så hardt ut mot sine eigne, må dei jo vite at det skaper store saker både i rettssystemet og i media. Det er ikkje normalt at ei bedriftsleiing fører selskapet sitt inn i så enormt med negativ omtale som det HSD-leiinga tydelegvis er villig til, seier han.