Det skriv lokalavisa Grannar.

Konjakken Erling Skakke er kalla opp etter vikinghøvdingen frå Etne, med Vinhuset NoFra – leia av franske Nicolas Mahé de Berdouaré, med røter i Etne – som produsent.

Hundre personar – vaksne og born – stilte opp på lanseringa, der det blei servert smaksprøvar til fem kroner glaset.

Departementet si innvending er at kommunen deltok i ei marknadsføring av alkoholmerket. Det er også planen å lansera ein vin oppkalla etter Erling Skakke (ca 1115 – 1179), far til kong Magnus V. I Etne er det i tillegg lansert ein brødtype med namnet til jarlen som bar hovudet på skakke etter eit sverdhogg mot halsen.

OVE OLDERKJÆR (arkiv)