I fleire kommunar i Sogn og Fjordane var det i helga hektisk møteaktivitet etter valet sist måndag. Resultatet er ordførarskifte i to kommunar.

I Sogndal trudde dei fleste Clara Øberg (Ap) skulle bli ordførar. For fire år sidan var det Ap som sikra Jarle Skartun (Sp) fire nye år i ordførarstolen. Difor venta dei tilbakebetaling no. Det fekk dei ikkje, og forhandlingane enda med isfront mellom dei to største partia. No samarbeider Sp med Venstre, Høgre og Frp, og Bjørg Rimeslåtten (V) får tilbod om å bli varaordførar.

I Fjaler byter sitjande ordførar Jan Ulltang (Sp) og varaordførar Arve Helle (Ap) plass. Også i Fjaler var forhandlingane om konstitueringa vanskelege. SV sikrar fleirtal for Helle som ordførar og Ulltang som vara.

Også i fleire andre kommunar er ordførarvalet avgjort. I Hornindal held Bjørn Lødemel (H) fram. Eit samarbeid med Ap og Venstre sikrar fire nye år med Høgre-ordførar i ein kommune der Sp gjorde eit kjempeval. Det same gjorde partiet i Gloppen, men der får valvinnar Anders Ryssdal fornya tillit. Gloppen får varaordførar frå SV, Sverre Folkestad. Også i Vågsøy blir det uendra. Aps Roger B. Silden får fire nye år med ordførarklubba.