I eit utspel dagen før den omstridde saka skal avgjerast i styret for helseføretaket, gjer ordførarane det klart at dei ser med stor uro på konsekvensane slike endringar vil medføre for innbyggjarane.

– Det er stor grunn til å rekne med at innbyggjarane i kommunane det gjeld vil oppleve eit svekt ambulansetilbod som ei svekking av helseberedskapen, og dermed få eit dårlegare velferds— og helsetilbod totalt sett, skriv ordførarane.

Dei representerer Askvoll, Førde, Høyanger, Balestrand, Fjaler, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Gaular som etter planen skal gå saman om ei interkommunal legevaktordning knytt til Førde sentralsjukehus.

– Ein viktig del av grunnlaget for å gå inn i ei interkommunal legevaktordning, er å ha ei velfungerande ambulanseteneste. For at innbyggjarane skal oppleve ei ordning med felles legevaktsentral ved sentralsjukehuset i Førde som trygg, er tryggleiken knytt til ambulansetenesta avgjerande. Med dei førslegne kutta i ambulansetenesta kan legitimiteten til eit legevaktsamarbeidet bli svekt mellom innbyggjarane som risikerer å få eit dårlegare ambulansetilbod med lenger responstid.

Helse Førde legg opp til å spare ytterlegare 33 millionar kroner, og vil kutte i ambulansetenesta fleire stader i området.

– Vi ber Helse Førde å finne løysingar som medfører at ambulansetilbodet til innbyggjarane i kommunane våre ikkje vert svekt, oppmodar ordførarane.