Slik det no ser ut, kan Solbjørg Åmdal Sandvik frå Høgre likevel halda fram i ordførarstolen ein periode til.

— For oss kjem det ikkje på tale å koma på talefot med Kristeleg Folkeparti att i desse forhandlingane, seier leiaren i Høgres forhandlingsutval, Nils Marton Aadland.

Det var onsdag at Høgre, KrF, Frp og Venstre meinte dei forhandla ferdig avtale som gjorde at Kristeleg Folkeparti skulle ha ordføraren og Høgre varaordføraren.

— I Høgre sa vi frå oss ordførarvervet fordi det vart understreke at Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet alt hadde vorte samde om at Brakstad skulle verta ordfører.

Men dagen etter fekk Høgre nye opplysningar. Arbeidarpartiet oppfatta det slik at det ikkje eksisterte nokon avtale.

I følgje Strilen hevda Framstegspartiet at dei hadde ei telefonsamtale - som vart teke opp på band - som kunne stadfesta at det fanst ei avtale mellom Frp, KrF og Arbeidarpartiet.

— Det har også vorte hevda at avtalen kunne stadfestast gjennom ein e-post og ei tekstmelding. Men ingen kan til no dokumentera kva som er skjedd, seier Aadland.

I helga har dei stridande partane teke forhandlingspause.

— Men over helga startar vi att med blanke ark, seier Aadland. Men måndag stiller Høgre til nye drøftingar med andre parti.