Hovedsaken:

Kritikken som kjem fram i dagens BT fell lærdalsordførar Jan Geir Solheim tungt for brystet. Etter at Bergens Tidende hadde gitt ordføraren høve til å svare, tok han kontakt med Øyvind Hamre.

I samtalen gjorde ordføraren det klart at han hadde instruert fungerande rådmann å kalle Hamre inn til møte som tilsett. Hamre arbeider nemleg for kulturhuset i kommunen.

Skulda for illojalitet

Sjølv reagerer Hamre sterkt på kontakten frå ordføraren.

- Han var sint, og hevdar eg har kome med hårreisande påstandar til BT, fortel Hamre.

Han legg til at ordføraren raskt trekte inn arbeidsforholdet hans.

- Han seier dei ser på dette som ei personalsak, og hevdar det var illojalt av meg å snakke med BT. Usemje i sak hadde vore heilt i orden, men at han dreg inn mitt arbeidsforhold, det er ikkje akseptabelt, seier FAU-leiaren.

Hamre avtalte å møte ordføraren same dag. Der skal trugsmålet om innkalling til rådmannen ha vore gjenteke.

Ugreitt å skade omdømme

Ordførar Solheim stadfester at han har teke kontakt med Hamre og den administrative leiinga i kommunen.

- Eg har bedt fungerande rådmann kalle inn Hamre til eit møte for å kartleggje om Hamre har kome med utsegner som er av ein slik art at dei kan skade omdømmet og attreisings— planen til Lærdal kommune, seier Solheim.

Ordføraren vil ikkje seie om han meiner Hamre har vore illojal.

- Det er det opp til fungerande rådmann eventuelt å vurdere. På generelt grunnlag er det greitt at tilsette uttaler seg. Men om dei skader omdømmet til arbeidsgjevar, då får det konsekvensar, seier Solheim.

Han viser til at det er eit samrøystes kommunestyre som har vedteke planen Hamre har reist kritikk mot.

- Vi har lagt ein heilskapleg plan for attreisinga av Lærdal-samfunnet. Planen er administrativt heilt gjennomarbeidd og har fått tilslutning frå heile kommunestyret. Då skal tilsette i kommunen vere lojale overfor vedtaket. Og så meiner eg at vi ikkje skal gjere ting som skader omdømet til arbeidsplassen vår, seier ordføraren.

LO kopla inn

Jan Steinar Hole representerer Fagforbundet, og er hovud-tillitsvalt i Lærdal kommune. Han fortel at Fagforbundet er informert om saka.

- Slik eg forstod på Øyvind, så har han uttalt seg som FAU-leiar. Det syns vi må vere greitt. Han har uansett ikkje uttalt seg som tilsett, seier Hole.

Han har aldri opplevd ein liknande situasjon i kommunen.

- Eg har ikkje inntrykk av at det har vore eit problem at tilsette har uttalt seg om saker i kommunen før, seier Hole.

Om kommuneleiinga innkallar til møte, så lover Fagforbundet å stille opp på det.

Skremming

Slik Hamre ser det, prøver ordføraren å leggje lokk på ein viktig debatt.

- Eg opplever at kommunen og ordføraren prøver å skremme tilsette frå å uttale seg, seier Hamre.

Solheim avviser at han driv med skremming.

- Det har eg aldri gjort, og det kjem eg aldri til å gjere, seier ordføraren.

- Du har ikkje forståing for at Hamre kan oppleve utsegnene dine som ubehagelege?

- Nei.