Helgesen har vore ordførar i Selje dei siste fire åra, og resultatet kan ikkje tolkast annleis enn at veljarane meiner ho har gjort ein god jobb.

Gunn Helgesen fekk 469 stemmer. Aps ordførarkandidat Ottar Nygård enda på 347. Frps Åge Starheim, som mange heldt som ein snau favoritt før valdagen, fekk 245 stemmer. Liv Stave frå Høgre fekk 153 stemmer. Dei to andre kandidatane, Richard Eide frå Folkeleg Fellesliste og Dag Austring frå Sp, fekk høvesvis 90 og 44 røyster.

På førehand var det venta eit svært jamt direkteval på ordførar i Selje. Avstanden blei langt større enn dei fleste hadde rekna med.

ORDFØRAR: Gunn Helgesen (KrF).
Oddleiv Apneseth