Kostnaden med å opparbeida ny parkeringsplass ved kyrkja balla på seg frå ein tidleg plan til 100.000 kroner via 1,4 millionar og 3,5 millionar til ein endeleg pris på rundt 4,5 millionar kroner.

615.000 kroner av kostnadshoppet kom som følgje av at ordføraren etter eit besøk på anlegget bestemte at det skulle nyttast altaskifer i staden for betongstein. Ho konfererte med to andre politikarar i fleirtalskoalisjonen, men droppa formell politisk behandling, trass råd om dette frå administrasjonen.

Kontrollutvalet i kommunen bestilte ein forvaltningsrevisjon av saka. Revisjonsselskapet Deloitte konkluderer med at ordføraren burde ha sørgt for eit formelt vedtak i formannskapet på valet av skifer.

Lyttar til kritikk

— Parkeringsplassen ved kyrkja hadde sett ut som eit anleggsområde i fleire år. Det var heilt nødvendig å prioritera å få det fullført. Standarden med naturstein var alt bestemt, seier ordførar Synnøve Solbakken (biletet).

— Det var gått eit år utan at noko skjedde med området, og det var politisk fleirtal for ein parkeringsplass av høg standard. Klart det kunne vore teke opp i formannskapet, men eg meinte arbeidet burde få fortgang.

— Visst nokon meiner eg har gjort noko gale, så lyttar eg til det. Men eg er glad for at folk no slepp å gå i støvlar på veg til og frå kyrkja og kyrkjegarden, seier Solbakken. - Misbruk av makt

— Dette er ikkje handlekraft, men misbruk av makt. Og slik kan vi ikkje ha det, seier opposisjonspolitikar i Kvinnherad kommunestyre, Marit Elisebet Totland (KrF), tidlegare ordførar i Bømlo og statssekretær i Kyrkje- og utdanningsdepartementet.

— Rapporten frå Deloitte stadfestar det eg trudde, at her gjekk ei politisk gruppe inn og fekk auka standarden utan korrekt formell behandling.

— Eg har ikkje noko imot prosjektet ved kyrkja. Men i kommunane styrer vi etter formannskapslovene, ikkje etter parlamentarismen, seier Totland.

Ho er sterkt ueinig med Deloitte-rapporten der den seier at kostnadsauken og fullmaktsoverskridinga i skifersaka kunne sjåast på som «reparert/godkjent» i og med kommunestyrets tilleggsløyving i desember i fjor.

— Det er heilt feil, og ingen reparasjon. Pengane var alt disponerte og skiferen lagt. Vi hadde ikkje noko val, seier Marit Elisebet Totland.