Etter 16 år i kommunepolitikken vil ho finna seg anna å gjera, seier den avtroppande ordføraren til avisa Hordaland.

Dermed er det duka for Hans-Erik Ringkjøb som Ap sin ordførarkandidat. Han var innstilt av nominasjonsnemnda ved førre val, men tapte med svært knapp margin på nominasjonsmøtet.

Også på Voss merkast kraftlinesaka i Hardanger på meiningsmålingane, i Ap sin disfavør. Slår dei til, kan Ap, Sp og Høgre bli jamstore.

Noverande varaordførar Sigbjørn Hauge er Senterpartiet sin kandidat til ordførarvervet i neste periode. Høgre stiller med Frode Horvik.