— Vedtaket er gjort, mastene er bygd, og naturen er ikkje øydelagt for all framtid, seier ordførar Asbjørn Tolo (H) i Kvam herad.

Difor vil han delta, når Hardangerlinja offisielt vert opna på tysdag, snart tre år etter bygginga starta.

Statnett har invitert samarbeidspartnarar, leverandørar, kundar og representantar frå myndigheitene til markeringa, som startar med offisiell opning i Samnanger, før det blir middag på Sandven hotell i Norheimsund.

— Eg meiner det er naturleg å stille på opningsmarkeringa av denne linja. Det er ikkje eit høve eg vil bruke til å demonstrere, seier ordføraren.

- Feil å feire

Andre Hardanger-ordførarar har takka nei til invitasjonen frå Statnett.

— Alle som har følgt med på denne saka veit den har vore vanskeleg for folk i Granvin. Då meiner eg det blir feil å vere med på å feire denne linja, seier Ingebjørg Winjum (V), ordførar i Granvin herad.

Ho har ringt Statnett og forklart kvifor ho ikkje deltek. Det opplevde ho at dei hadde forståing for. Ho understrekar samtidig at ho ikkje ønskjer å demonstrere mot opninga ved å ikkje delta, og at ho ikkje kritiserer ordføraren i Kvam for å delta på arrangementet.

— Det var litt spesielt her i Granvin, for folk engasjerte seg veldig. No trur eg dei fleste har godteke at mastene er bygde, men når folk ser inngrepa i fjellet, er det nok fleire som framleis synst det er vanskeleg, seier Winjum.

Også Ulvik-ordførar Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) har takka nei til å delta.

— Eg har ikkje tid til å prioritere det. Me demonstrerer ikkje mot mastene i ettertid, men eg ser ingen grunn til å dra for å feire dei, seier Thorbjørnsen.

- Trist og respektlaust

Mastemotstandarane likar ikkje at ordføraren i Kvam vil delta på Statnett si opning.

— Det er dårleg gjort av Tolo. Me synst ikkje det er naturleg at han deltek, seier Gudrun Folkedal, aksjonist gjennom mange år.

Ho er også ein av initiativtakarane til ein demonstrasjon på opningsmarkeringa på tysdag. Aksjonistane har vore til stades på store deler av byggjeprosessen frå Sima til Samnanger, og no vil dei også setje sitt preg på opninga.

— Me godtek ikkje mastene sjølv om dei er komne. Me vil protestere mot løgnene, manipulasjonen og framgangsmåten som har vore. Og me synst det er trist og respektlaust at dei vil feire dette, som har vore ei så opprivande sak og ei stor sorg for mange, seier Folkedal.

Ho presiserer likevel at markeringa på tysdag vert ei stille markering, godkjent av lensmannen.

Trur han har støtte

Asbjørn Tolo i Kvam opplever ikkje at innbyggjarane flest i kommunen er negative til at han deltek på markeringa.

— Eg har berre blitt kontakta av nokre aksjonistar som reagerer. Eg trur folk flest støttar meg i å delta, seier Tolo.

Han hadde helst sett at alle ordførarane frå Hardanger ville vere til stades.

— Me er alle i den situasjonen at me har samarbeidd med Statnett for å få dette til, seier Tolo, og minne om at bygginga også har tilført aktivitet i kommunane.

— Mange har fått oppdrag og har vore med på prosjektet. Her i Kvam er me glade for at Statnett har etablert ein eigen base, seier Tolo.

- Naturleg å markere

Irene Meldal, kommunikasjonsdirektør i Statnett, seier ho hadde håpa alle dei inviterte ville ha høve til å delta på opninga tysdag.

— Men om nokon ikkje ønskjer å vere der, får det vere deira val, seier ho.

Meldal har forståing for at aksjonistane endå ein gong vil markere sin motstand, men meiner det er på sin plass at Statnett har eit arrangement i Hardanger i samband med opninga av linja.

— Det er mange som har gjort ein viktig og god jobb for å få leidningen på plass. Me synst det er naturleg å markere, og takke dei som har bidrege. Kvar gong me har ei markering legg me det nær dei fysiske anlegga, seier Meldal.

REAGERER: Demonstrantane i Hardangeraksjonen har vist sin motstand mot mastene i fleire år. No reagerer dei på at ordføraren i Kvam vil delta på opninga av kraftlinja. - Dårleg gjort, meiner Gudrun Folkedal (til v.). Her saman med Synnøve Kvamme og Halldis Folkedal.
Jan Lillebø (Arkiv)