Med dette dårleg løynde trugsmålet avsluttar ordførarane Bjørn Christensen på Voss og Olav Seim i Granvin eit ferskt brev til styret i Gilde Vest.

Og bonde Helge Edvardsen på garden Edal på Voss har alt teke initiativ til kollektiv utmelding av kjøtsamvirke dersom Gilde Vest gjer alvor av å legga ned slakteriet sitt i Granvin.

Med styreleiaren si dobbelrøyst har Gilde Vest vedteke at Granvin-slakteriet skal leggast ned etter saueslaktinga til hausten. Men vedtaket skal til strategisk vurdering i Gilde sitt konsernstyre før iverksetting.

Dei to ordførarane minner om at store deler av Hordaland slit med sår etter tidlegare «Gilde-svik».

Det er liten tvil om at dei mellom anna siktar til usemja mellom Gilde og vossingane, noko som førde til framvokster av tre private slakteri i den viktigaste jordbrukskommunen i fylket. Gilde bygde slakteriet i Granvin for å gjenerobra marknadsdelar. Etter nedleggingane på Voss køyrer mange vossabønder framleis slaktedyra sine forbi Granvin til det private slakteriet i Ølen.

Dei to ordførarane tvilar på om det er strategisk lurt å legga ned det einaste slakteriet i Hordaland, medan det er fire i Rogaland, derav eitt privat. Dette er neppe optimal struktur med omsyn til dyrevelferd (transporttid).

Aller helst vil ordførarane at Gilde skal halda fram med slaktinga i Granvin. Slakteriet er ei viktig brikke i framvoksteren av nisjeproduksjon i Hordalandslandbruket, mellom anna gjennom prosjekta Vossameny og Hardangermeny.

Dersom Gilde gir seg i Granvin, krev ordførarane at lokale krefter får overta slakteriet. Anlegget er eigd av bønder som forventar å få overta det intakt, og til rett pris.

Gjer Gilde grep for å hindra vidare drift av anlegget, vert dette oppfatta som svært provoserande, åtvarar Christensen og Seim.

Dei får full støtte frå Hardangerrådet som er raskt ute med ei fråsegn.