Det er klart etter forhandlingar gamle samarbeidsparti imellom. Årets valvinnarar Frp og SV får ikkje gjennomslag i leiinga av dei to sunnhordlandskommunane, der både Kallevåg og Rommetveit fekk mange ekstra personrøyster. I Stord støttar det største partiet Ap seg nok ein gong på sentrumspartia KrF, Venstre og Senterpartiet. Samarbeidsavtalen sikrar Magnhild Furdal (KrF) fire nye år som varaordførar.

Ap får leiaren i tre av fire komitear. Frp er tilbydd å leia kontrollkomiteen, SV får ein komiténestleiar og plass i driftsstyret. Ap og SV utgjer fleirtal i kommunestyret, men for Ap var det ikkje aktuelt å forlata sentrumspartia til fordel for SV, trass sterk KrF-tilbakegong. Magne Rommetveit går laus på sin fjerde periode på rad som ordførar. I Bømlo tek Inge Reidar Kollevåg til med sin andre periode. Bømlo Høgre har inngått samarbeidsavtale med KrF og Venstre.

KrF får varaordføraren, truleg nok ein gong Ola Ersland.