— Det finst tre store kaier i området som alle er lite nytta. Dei får heller bruke desse, enn at vi skal få desse hersens bøyene, seier avtroppande Fedje-ordførar, Erling Walderhaug.

Bergens Tidende fortalde i går om planane selskapet Fensfjord Mooring har om å plassere ut tre ventebøyer for tankskip i Fensfjord-området. To av dei skal liggje på Fonnesflaket, den tredje på Gulensida av fjorden.

I dag ventar tankarane i snitt i dagevis på å få gå til kai på Mongstad. I dei mest ekstreme tilfella skal båtar ha gått på vent i havet vest om territorialgrensa i bortimot to veker.

Sikrare utaskjers

— Det kan sjølvsagt ha hendt at båtar har gått så lenge, men det må i aller høgste grad vere enkelttilfelle. At det er ein del venting, veit vi, seier Walderhaug.

Han legg til at han er kjend mat at tankbåtar av og til ligg fem-seks dagar, men meiner gjennomsnittet er langt lågare.

— Etter mitt syn er det tryggare at dei går utaskjers, enn at dei skal plasserast i bøyer nær land, seier Walderhaug, som sjølv er los.

— Kvifor denne skepsisen til bøyer?

— Det har mykje å gjere med dårlege erfaringar med bøya som var i bruk i Brandangersundet i Gulen, seier Walderhaug, og viser mellom anna til episoden i 2001 då ein 160.000 tonn stor tankbåt sleit seg og var nær ved å drive på land:

— I denne saka er eg heilt på linje med Kurt Oddekalv og Miljøvernforbundet. Eg hoppar ikkje i taket over tanken på å få tre ventebøyer i området.

Krev fleire svar

Det gjer heller ikkje Ole Lysø i Austrheim. Han seier dei har fått ei kort orientering om søknaden frå Fensfjord Mooring, og at kommunen har bedt om utsett frist for å gje fråsegn. Ordføraren meiner dette må vere ei sak det nye kommunestyret tek stilling til.

— Personleg er eg veldig skeptisk til å ha store båtar i bøyer rett utanfor fjøresteinane, seier Lysø, som vil ha svar på fleire spørsmål før han meiner kommunen kan ta stilling. Mellom anna vil han vite kven som skal operere bøyene?

Heller ikkje i Masfjorden er det stor entusiasme å oppdrive. Kommunen regulerte i si tid eit sjøområde for ventebøyer, men har no teke dette ut av kommuneplanen.

— Det var ei tid mange trudde dette kunne bli ei gullgruve. Men motstanden auka, og det har vel vist seg at slike bøyer ikkje har noko forretningsmessig betydning for kommunane, seier ordførar Håkon Matre.

Overraska

Masfjorden-ordføraren er overraska over opplysningane om at tankbåtar går på vent i dagevis, før dei kjem til kai.

— Eg har aldri tidlegare høyrt at det kan vere så lenge. Faren for at det kan skje noko, blir nett ikkje mindre, seier Matre.

Som Miljøvernforbundet meiner Erling Walderhaug at reiarlaga no må ta i bruk kaiene. Det finst tre av dei, ei på terminalområdet, ei rett utanfor og ei tredje i Sløvåg i Gulen.

— Men det som blir sagt er at det er så dyrt å leggje båtane til kai?

— Det er ikkje så dyrt. Det som derimot kostar er at dei må ha taubåtar og los til og frå. Men det må dei også om dei skal i bøyer, seier Walderhaug.