No inviterer ordføraren kommunalminister Erna Solberg til Gulen for å informere om den vanskelege økonomiske situasjonen. Etter å ha snudd alle steinar, manglar Gulen framleis tre millionar for å få budsjettet i balanse.

Den nye Høgre-statsrådens signal om å kanalisere meir pengar frå distrikta til bykommunane, provoserer KrF-ordføraren i Ytre Sogn.

— Eg blei både provosert og engsteleg. I tillegg fekk eg stadfesta nokre av fordommane mine mot partiet Høgre, seier Brosvik.

Manglar millionar

I Gulen lovar ordføraren at den nye statsråden skal få full informasjon og tilgang til alt kommunen driv med og alle aktivitetar dei er involverte i.

Gulen kuttar det som kuttast kan, og vel så det, for å få endane til å møtast. Det blir lagt opp til nedlegging av stilling som kommuneveterinær, og sterke kutt i opningstidene for biblioteka. I tillegg blir det lagt opp til delvis oppseiing av biblioteksjefen, noko som kan vere i strid med lova. Det er også lagt opp til ein kraftig auke i avgiftene, for å få inn meir pengar i kommunekassen.

Likevel manglar rundt tre millionar som ordføraren ikkje veit kvar ho skal finne.

Vil lage underskot

— Vi støvsugar budsjetta kvart år for å finne pengar til alt som skal gjerast. For neste år meiner eg vi skal setje opp eit budsjett som går med underskot.

— Men det har du ikkje lov til?

— Det veit eg. Men for meg har dette noko å gjere med kvifor eg skal vere ordførar. Skal eg vere det for folk i Gulen, eller skal eg vere det for å gjere makta i Oslo til lags? Eg vel det første.

Til Bergens Tidende seier Brosvik at målet er at den nye statsråden skal få sjå tingenes tilstand, og at regjeringa skal få førstehands informasjon om tilstanden i ein vanleg distriktskommune.

Godt samvit

— Eg håpar å få putta i statsråden så mykje kunnskap at ho skjønar det ikkje er noko midlar å flytte innanfor kommunesektoren. Hadde staten derimot redusert papirflyttinga vi er pålagt, kunne vi kanskje spart ein del. Men skal vi følgje opp lovnadene rikspolitikarane har gitt, er det alt for lite pengar i kommunane, seier ordføraren som sjølv sit i sentralstyret i KrF. Ho har ikkje spesielt dårleg samvit over å gå ut mot ein statsråd frå ei regjering der hennar eige parti tek del.

— Nei, når eg opplever at ein komitéleiar frå Høgre kritiserer samferdsleministeren frå Venstre, syns eg at eg må kunne seie såpass, meiner Brosvik.

— Kunne du ikkje sjølv reist til Oslo?

— Nei, dei bør komme hit og sjå. Dessutan har vi ikkje råd.

PROVOSERT: Høgrestatsråden Erna Solberg provoserer KrF-ordførar Trude Brosvik i Gulen med utspelet om å kanalisere meir pengar frå distrikta til bykommunane