Alt ligg til rette for endå eit skuleslag i heradsstyret i Kvam i ettermiddag. I går kveld vedtok nemleg eit fullstappa medlemsmøte i Kvam Ap med solid fleirtal å sende skulesaka i retur til rådmannen

Ap-representantane i heradsstyret blir heller ikkje fristilte til å røyste som dei vil, slik dei har gjort tidlegare.

– Det går ikkje an å stemme mot partiet no, seier nyvald leiar i Kvam Ap, Sveinung Vestbø.

Dermed risikerer Astrid Farestveit Selsvold, som er ordførar i Kvam, og Even Øyri å bli ekskluderte, dersom dei røyster stikk i strid med partivedtaket i dagens heradsstyremøte.

– Like konfliktfylt som før Begge signaliserte i går kveld at dei ønskte å bli fristilte. I november var det nettopp Farestveit og Øyri som røysta mot eige partiprogram, og sikra knapt fleirtal for å leggje ned to skular.

Skjer det same igjen i ettermiddag, kan det bli fremja eksklusjonssak mot dei, etter det BT har grunn til å tru.

Rådmannens innstilling, som heradsstyret skal røyste over i ettermiddag, inneber at skulen i Norheimsund blir lagt ned, og at elevane må skyssast til den nye storskulen i Øystese.

Då BT kontakta ordføraren i føremiddag, ville ikkje Selsvold fortelje korleis ho kjem til å stemme i ettermiddag.

– Det skal eg orientere gruppeleiaren vår om først, og deretter heradsstyret. Men vi har i dag stort sett den same konfliktfylte situasjonen i dag som vi har hatt i lang tid på grunn av skulesaka. Denne vanskelege saka grip inn i alle andre politiske saker, og skapar ei usunn kløyving i politikken. Situasjonen er vond og vanskeleg for Ap, men også for andre parti, seier ordføraren.

– Om du no snur igjen og røyster for å avvise skulesaka, kva skjer då med tilliten til deg som politikar?

– Den kommentaren må eg vente med å gje til etter heradsstyremøtet.

Øyri tel på knappane Heller ikkje Even Øyri ville tysdag føremiddag fortelje BT kva han kjem til å gjere i ettermiddag.

– Eg har ikkje heilt bestemt meg, men vil gje mitt svar til gruppeleiaren seinare i dag. Men det er litt spesielt å binde representantane i denne saka. Vi har ikkje tradisjon for det i Kvam Ap.

– Fryktar du eksklusjon, dersom du røyster mot medlemsmøtet sin vilje?

– Det er det for tidleg for meg å seie noko om, svarar Øyri.

Medlemsmøtet i Kvam Ap vil sende saka i retur, fordi dei ønskjer meir utgreiing om konsekvensar og kostnader ved å endre skulestrukturen i heradet.

– Det er altså politisk usemje om det er nødvendig med endå meir utgreiing i ei sak som etter kvart er 4-5 år gammal. Det vil koste både tid og pengar, slår Øyri fast.

– Ikkje lov å stemme mot partiet Leiaren i Kvam Ap, Sveinung Vestbø, seier til BT at vedtekter og partiprogram alltid er bindande for medlemmane.

– Kva skjer dersom to representantar røyster mot programmet i ettermiddag?

– Dei har fått klar beskjed frå medlemmane om at dei ikkje får fristille seg, svarar Vestbø

– Kva blir konsekvensen om dei gjer det likevel?

– Eg ser ikkje problemstillinga. Det er uaktuelt å gå i mot medlemsmøtet. Det er ikkje lov.

– Kan dei to i så fall bli ekskluderte?

– Det vil eg ikkje spekulere i, men gjentek berre at eg ikkje ser det som eit tema. Dei er nøydde til å følgje våre vedtekter og vårt program, seier Vestbø.

– Er ikkje dette berre ei form for uthaling og utsetjing, når de krev endå meir utgreiing i ei sak som har rulla og gått i så mange år?

– Eg er heilt samd i at saka må ta slutt. Men vi må ha alle fakta på bordet, og kjenne alle kostnader og konsekvensar, før vi kan avslutte denne saka ein gong for alle. Inntil vidare har vi ikkje noko anna val enn å avvise saka.

BT følgjer heradsstyremøte i Kvam frå klokka 16 i ettermiddag.

Sei di meining om skulestriden i Kvam:

HELD KORTA INNTIL BRYSTET: Ordførar i Kvam, Astrid Farestveit Selsvold, vil ikkje røpe om ho igjen kjem til å røyste mot eige parti i skulesaka i ettermiddag. – Men skulesaka skapar ei usunn kløyving i politikken, sa ho til BT tidlegare i dag.
STORSKULEN I ØYSTESE: I rådmannen si innstilling blir dette felles ungdomsskule for elevane i Øystese, Norheimsund og Ålvik frå august, og det er dette heradsstyret skal ta stilling til i ettermiddag. Men Kvam Ap vil avvise saka.
Ørjan Deisz (Arkivfoto)