— Dette harmonerer dårleg med god distriktspolitikk, seier Ap-ordførar Mowatt, med klar adresse til partikollega Knut O. Aarethun i FSF-styret og FSF-styreleiar Jarle Skartun frå Senterpartiet.

Mowatt meiner det blir vanskeleg å reise distriktspolitiske krav mot andre organisasjonar når eit fylkeskommunalt eigd føretak opptrer på denne måten.

Sogn og Fjordane fylke tek i år ut åtte millionar kroner i utbyte frå FSF' morselskap Nordvestlandske AS.

Aksjeutbytte til fylket

Det var torsdag Bergens Tidende fortalde om dei tilsette sine reaksjonar ombord på ferja MF «Fjalir», som går trekantsambandet ytst i Sognefjorden mellom Rysjedalsvik, Rutledal og Krakhella. Dei tilsette fryktar ringverknadene, og seier i eit brev at det vil bli ein fare for heile ferjelivet. Passasjerane møter stengt kiosk på den nesten timelange overfarten, medan mannskapet misser kokken ombord og får dermed ei stusseleg internforpleining på sine lange vakter.

No har politikarane i øykommunen Solund reagert, og fått med seg dei to andre på sambandet i eit opprop mot FSF.

— Det må vere innlysande at omsynet til dei reisande sin trivsel tilseier eit serveringstilbod på ei så lang ferjestrekning, skriv Mowatt til FSF. Ordføraren skriv vidare at han er betenkt over at eit fylkeskommunalt selskap vil svekke tilbodet slik i utkantdistriktet for å spare småsummar, og på same tid tek ut store summar i aksjeutbytte.

Med æra i behold

— Hyllestad kommune legg difor til grunn at denne saka blir teken opp att så vi får eit tilbod vi er tente med, og som Fylkesbaatane kan innestå for med æra i behold, avsluttar Mowatt brevet.

Det er Solund kommune som har vendt seg til naboane for å legge press på FSF i denne saka, og også Gulen-ordførar Trude Brosvik seier til Bergens Tidende at dei vil støtte kravet.

Leiar for ferjedivisjonen i FSF, Svein Solheim, sat før helga i møte med dei tilsette på M/F «Fjalir». Sjølv om kiosk og internforpleining ombord skal stoppast frå mandag av, har ikkje Solheim klart føre seg kva som blir utgangen på saka.

— Dette er ein intern prosess i selskapet, og vi har ikkje løysinga klart for oss enno, seier Solheim. - Men det finst fleire alternativ, og dei tilsette ombord har fått 14 dagar på seg til å komme med innspel.