Norsk, matematikk og frie aktivitetar med 3. og 4. klasse stod på programmet dei tre skuletimane Austevoll-ordførar Helge André Njåstad var vikar på Kolbeinsvik skule i går.

Og han var vikar utan løn. Austevoll kommune har 42 millionar kroner i gjeld. Sju millionar kroner må sparast inn for resten av 2005. Neste år må det sparast 10 millionar kroner til.

— Vi har innført full kjøpestopp, seier Helge André Njåstad til Bergens Tidende.

Då monnar det kanskje lite at ordføraren trør til med gratis innsats i skulen ein dag. Man han markerer med det at kvar og ein må kjenna sitt ansvar for å få kommuneøkonomien på fote.

Klassebilete på veggen

BT er med når den unge ordføraren møter opp og vert helsa velkomen av rektor Asbjørg Aasebø.

Inne i gangen heng ei mengd med klassebilete på veggen.

— Der er Helge, seier rektor og peikar på eit langt rekel i bakre rekkja på eit av bileta. Det er berre 11 år sidan.

— Du var min klassestyrar den gongen, minner Helge André henne om.

Ein kopp kaffi eller to på lærarrommet er alt Austevoll-ordføraren får med seg av honorar denne arbeidsdagen. Som alltid når det vert nytta vikarar, har elevane fått eit program dei skal fylgja. For vikaren vert det mest tilsyn. Men for ordføraren er det likevel ei ny erfaring og skifte i kvardagen. Og det kan vera bra for den unge Frp-politikaren med ansvar for ein svært økonomisk snuoperasjon.

Det var kanskje ikkje ei økonomisk hengemyr han drøymde om å styra med då han hausten 2003 var landskjend som Norges aller yngste ordførar.

Feil nummer

Men sjølv med problem til langt over hovudet, framstår Njåstad likevel som ein friskus som ikkje seier nei til ei utfordring.

— Det var sist tysdag. Eg var hjå fylkesmannen for å drøfta økonomien i kommunen. Då fekk eg ei tekstmelding. Det var frå rektor på Kolbeinsvik skule. Ho hadde bruk for ein vikar fredag 15. april, fortel Helge André.

— Fyrst trudde eg det var ein fleip. Men så tenkte eg at eg skal jammen svara ja og møta opp. Det var etterpå det kom fram at rektor hadde forveksla mitt mobilnummer og syster mi sitt. Det var henne ho var ute etter, for syster mi har vore på skulen som ufaglært vikar før.

Slik gjekk det altså til at Austevoll-ordførar Helge André Njåstad ved ei mistyding hamna på Kolbeinsvik skule som ubetalt vikar 15. april.

Ikkje for det. Om han ville, kunne han nok fått sine velfortente hundrelappar. Men i går var ordføraren berre glad for å kunna yta sin vesle skjerv til i arbeidet med å retta opp ein økonomisk skakkøyrd kommune.

POPULÆR VIKAR: Ordførar Helge André Njåstad tok seg tid til å spela fotball med elevane på Kolbeinsvik skule i går. Og det likte dei.<p/>FOTO: ARNE NILSEN