Det er klart etter forhandlingar gamle samarbeidsparti imellom. Årets valvinnarar Frp og SV får ikkje gjennomslag i leiinga av dei to sunnhordlandskommunane, der både Kallevåg og Rommetveit fekk mange ekstra personrøyster.

I Stord støttar det største partiet Ap seg nok ein gong på sentrumspartia KrF, Venstre og Senterpartiet. Samarbeidsavtalen sikrar Magnhild Furdal (KrF) fire nye år som varaordførar.

Ap får leiaren i tre av fire komitéar. Frp er tilbydd å leia kontrollkomitéen, SV får ein komiténestleiar og plass i driftsstyret. Ap og SV utgjer fleirtal i kommunestyret, men for Ap var det ikkje aktuelt å forlata senrtumspartia til fordel for SV, trass sterk KrF-tilbakegong.

Magne Rommetveit går laus på sin fjerde periode på rad som ordførar. I Bømlo tek til med sin andre periode. Bømlo Høgre har inngått samarbeidsavtale med KrF og Venstre. KrF får varaordføraren, truleg nok ein gong Ola Ersland.