I fjor gav Os kommune med ordførar Terje Søviknes i spissen det nystarta reisebyrået Vital Tour oppgåva med å arrangera pensjonistturar til Syden

Turane til Kypros var ein stor suksess. Til saman reiste 500 osingar til Middelhavsøya i dei kaldaste vintermånadane.

I år har reisebyrået, som har etablert seg på kaien i Os, fått ny kontrakt. I tillegg har 13 andre Hordalandskommunar hengt seg på det populære tilbodet.

Bilete og kommunevåpen

I ei fargerik brosjyre stiller ordførarane både kommunevåpen, bilde av seg sjølv og eit tilrådingsbrev til disposisjon for marknadsføringa av turane.

Blant ordføraren som ønskjer pensjonistane god tur til Kypros er Ole G. Fredheim i Fjell kommune, Toralv Mikkelsen i Odda, Kvam-ordførar Martin Vik og Aksel Kloster, ordførar i Kvinnherad.

Men reiselivsbransjen i Hordaland er forarga. Næringa meiner Framstegspartiordføraren har stilt seg i spissen for å undergrava den lokale reiselivsnæringa.

Så forarga er næringa at dei i går inviterte Os-ordføraren på teppet til lunsjmøte i Skålklubben i Bergen. Frå Oslo var administrerande direktør Jan Forsdahl frå Norsk Reiselivsforum innkalla til å målbera næringa sitt syn. Hans og reiselivsnæringa sitt hovudbodskap er enkelt og klart.

— Spenner bein

— Os kommune burde bedt om anbod frå den lokale reiselivsnæringa før dei gav oppdraget til Vital Tour. Søviknes har vore med å spenna beina under lokale reisebyrå ved å gje kontrakten til eit nystarta aktør som tilfeldigvis hamnar i fanget på kommunen.

Gratisreklamen frå ordførarane i årets lanseringsbrosjyre har ikkje roa gemyttane.

— Det er klart at tilbodet frå Vital Tour gjev ekstra truverde når ordførarane stiller seg til disposisjon i marknadsføringa, seier Forsdahl til Bergens Tidende.

Han hevdar også at det er fleire veletablerte operatørar som kunne gjeve like gode tilbod som Vital Tour om dei hadde fått høve.

Søviknes understrekar at Os kommune sitt mål var å gje pensjonistane eit tillbod om Syden-tur til beste kvalitet og til lågast mogeleg pris.

— Vital Tour gav det beste tilbodet. Mellom anna var byrået villig til å betale lønn til sjukepleiarane som er med på turane, seier han.

Han presiserer at kommunen også undersøkte tilboda frå to av dei store charterselskapa i Syden-marknaden.

— Men dei kunne ikkje gje like gode tilbod som Vital Tour, seier Søviknes, som meiner at reiselivsbransjen må tola konkurranse av nye aktørar som kjem inn på marknaden.

- Kan ikkje surmula

I dette synspunktet fekk han i går støtte av administrerande direktør Jan H Sunde i Runway Unitur.

— Vi kan ikkje hindra nye aktørar med gode tilbod å etablera seg. Det går ikkje an å møta konkurranse med surmuling. I staden må vi ønske nykommaren lykke til og sjølve vera kreative med å tilby kundane våre gode tilbod.

Os-ordførar Terje Søviknes fekk ideen om at kommunen skulle arrangera Syden-turar for pensjonistar i Danmark. Opphavleg var tanken at turane skulle vera gratis. Men den økonomiske verkelegheita gjorde det umogeleg.

Men Søviknes godtek ikkje at slike turar ikkje skal vera noko kommunal oppgåve.

— Eg er overtydd om at ein Sydentur vinterstid er god førebyggjande helsepolitikk dersom tilbodet vert gjeve over mange år, seier Søviknes.

I går la han fram berekningar som viser at kommunane kan spara mellom 40.000 og 50.000 kroner dersom innlegging på sjukeheim kan utsetjast ein månad.

PÅ TEPPET: Reiselivsbransjen i Hordaland er så forarga over Vital Tour si brosjyre at dei i går inviterte Os-ordførar Terje Søviknes til å diskutere saka på eit lunsjmøte i Skålklubben i Bergen.<br/> ARKIVFOTO: HELGE SUNDE