Nyvinninga har tatt nattesvevnen frå ordføraren i Os, Terje Søviknes. Det er nemleg han som må hoppe.

— Eg vakna i natt, akkurat i det eg drøymde at flydøra opna seg, seier Søviknes til BT.

Kona var aldri i tvil, då Søviknes fekk tilbod om å hoppe i fallskjerm på flyshowet på Ulven søndag:

— Sei ja, Terje!

Det tok litt lang tid før mannen kom til same konklusjon. Men søndag hoppar han tandem under opningsseremonien.

— Det blir den mest spektakulære opninga eg har vore med på som ordførar, slår Søviknes fast, og legg til:

— Sjeldan får nokon sjå ein politikar i fritt fall! Men å hoppe er ikkje berre ei personleg utfordring. Det er også ein flott sjanse til å stille opp for ein liten klubb som Os Aero Klubb.

I tillegg til ordførartandem, kan publikum beundre flytypar som F16, Harvard, Saab Safir 91D, Delfin L-29, Antonov-2 og mange fleire.

— Det blir eit flystemne for heile familien, med masse flyakrobatikk, lovar stemneleiar Tore Øvreeide.