– Eg har full forståing for frustrasjonen deira, seier Rydland.

I 2005 søkte syskena på Avløypet om å skilje frå hyttetomtene til eksisterande og godkjende hytter. Men problema stod i kø, ifølgje ordføraren.

Området var ikkje regulert til hyttebygging i kommuneplanen. Difor gav dei avslag på søknaden, men råda syskena til å få laga ein reguleringsplan.

– Så kom det kontramelding frå oss om at dei ikkje trong reguleringsplan likevel fordi slik bygging ikkje ville vera i tråd med gjeldande planverk.

– Kven har gitt desse råda?

– Eg vil ikkje henga ut nokon enkelte. Kommunen må ta ansvaret.

– Sakshandsaminga har teke over tre år. Er det rett at søknaden har lege til modning i ein skuff?

– Ja, det er nesten sant. Den har lege der i lag med ein bråte andre saker.

– På grunn av felleseiga risikerer alle syskena å bli bøtelagde for det nokre av dei eventuelt har bygd ulovleg. Kva meiner du om det?

– I slike saker er det grunneigar som er ansvarleg. Her står heile syskenflokken som grunneigar. Kommunen ønskte ikkje å gå nærmare inn i kven som eigde kva. Det ville me at politiet skulle finne ut av.

– Det er sikkert veldig ubehageleg for dei dette gjeld, og det var ikkje med lett hjarta eg gjekk inn i dette.

– Kva skjer med saka no?

– Eg har anbefalt dei om å søkja om frådeling på nytt. Eg skal trykkja på slik at saka kjem opp før sommaren. Når hyttene først står der, ønskjer me at dei skal få skilja frå grunnen dei står på.

– Det løyser vel ikkje situasjonen for to av arvingane som ikkje har hytte i dag?

– Nei, og det blir neppe aktuelt å gje dei hyttetomt. Kommunen si oppgåve er å driva arealpolitikk i tråd med sentrale retningsliner. Me kan ikkje driva som meklar i arveoppgjer og sikra at alle får si rettmessige arv. Det er mange som meiner dette er urettferdig, men slik er det.

Paul S. Amundsen