— Vi brukar det som ei gong var atelieret til farfaren min (kunstmålaren og spelemannen Lars Osa), og som far min bygde om til ei stove som kunne brukast til konsertar. Far hadde stor opning i 1971, men så skulle det ikkje bli meir før etter 35 år. Han syntest det vart for mykje strev med det, fortel Liv Bernhoft Osa.

Ho er tredje generasjon kunstnar på eigedomen Sævelid på Voss. Her vaks ho opp, som dotter av den landskjende spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa.

— Det verkar som om folk set pris på å kome og høyre ord og tonar i heimen etter Sigbjørn. Difor har eg utvida litt i år. Og medan far satsa på musikken, vil eg gjerne bruka skodespelarar i tillegg. Den første konserten, 9. og 10. juli, vert med Anne Marit Jacobsen og Kristin Skaare på piano og trekkspel, veka etterpå har vi noko vi ha kalla «Vozzakveld». Der skal spelemannen Leif Rygg, og jazzmusikarane Ivar Kolve og Tore Brunborg og eg opptre. Det vert berre vossingar på scena den kvelden. Og i to kveldar etter det igjen skal Henrik Mæstad lese frå dagbøkene til Olav H. Hauge og Ivar Kolve akkompagnere på vibrafon.

— Kor mange er det plass til?

— Kjem det 65, ja då er det stappa fullt, seier Bernhoft Osa.

— Kvifor gjer du dette?

— Sjølv om far min berre gjorde dette ein gong, meiner eg det er rett å kalle det ein tradisjon etter han. Han ville dele musikken med så mange som mogleg. For meg er det fint å opne stova hans på denne måten så folk kan kome hit og høyre ord og tonar som var ein del av det livet han levde.

Bergens Tidende