Knapt hundre menneske deltok i demonstrasjonstoget i føremiddag gjennom eit solfylt, men heller folketomt Leirvik sentrum.

Hovudparolen for LO-arrangementet var «Nytt fleirtal — Ny regjering - ny politikk».

— Norge er blitt et kaldere samfunn under den sittende regjering, sa dagens hovudtalar, Anne-Grete Strøm-Erichsen, gruppeleiar for Ap i Bergen bystyre og stortingskandidat for Hordaland Ap.

— Denne dagen er starten på kampen for et nytt flertall om 134 dager. Den markerer at vi vil ha en annen kurs for Norge, sa Strøm-Erichsen. Som blant anna gjekk til åtak på Bondevik-regjeringa sin inn-vandringspolitikk, sysselsetjingspolitikk og framlegget til ny arbeidslivlov.