Tilliten er tilbake hos både folk flest og kongen.

Se BTV-innslag

-Vi er friskmelde, vi er på veg oppover på omdømmebarometeret, seier Lars Hellandsjø.

-Eg var på slottet sist månad. Det var moro å kunna avleggja rapport til kongen — vår høge beskyttar - om at organisasjonen er frisk igjen. Han følgjer godt med, og har gjort ein god jobb for oss.

BT møter Lars Hellandsjø (40) i ungdomshuset Vonheim i Våge på Tysnes sundag. Presidenten er komen til den årlege redningsskøytebasaren for å overrekkja Eva Lande (71) nål og blom for over 30 års aktiv innsats for Redningsselskapet.

Basargenerasjon på veg ut

I fjor var det for første gong på 32 år ingen redningsbasar på Tysnes. Folk var blitt mistruiske til eit selskap som var i kraftig indre strid med seg sjølv, med suspendert generalsekretær og i politiets søkelys for datasnoking.

— No sluttar folk opp igjen. Det var ikkje så mange på årets basar som før i tida, men haldninga snur, vi er innstilte på å halda fram, seier Eva Lande.

Nær 30.000 kroner kan Redningsklubben på Tysnes senda til Redningsselskapet etter basaren.

-Strikking og sying til inntekt for selskapet går ut med oss. Men vi vil halda på så lenge vi kan. Heldigvis har vi fått Elias-klubben og ein ny giv blant dei unge, seier Eva Lande, som i 31 år har arbeidd for redningssaka på Tysnes og i Hordaland. Sine aller første lodd for Redningsselskapet selde ho som niåring på fødestaden Ramsund i Ofoten.

Liv etter automatane

— Det er ekstremt viktig med lokale lag som på Tysnes, det er her Redningsselskapet er rotfesta, seier Lars Hellandsjø.

Presidenten frå Gulen er ikkje berre lei seg for at speleautomatane no er borte som inntektskjelde for Redningsselskapet. Første halvår i år kom 60 millionar kroner inn via automatar.

-Det er ikkje den kjekkaste måten å tena pengar på. Det ser ut til at Norsk Tipping og kulturdepartementet stiller opp med kompenserande midlar i 2008 og 2009. Men vi må konstant ha fokus på nye inntekter og kostnadsreduksjon, seier Lars Hellandsjø.

Sprang oppover

Redningsselskapet gjer eit hopp på Synovate MMI sitt omdømmebarometer frå 30. til 17. plass i løpet av siste året.

— For oss er det ei stadfesting av at oppryddinga i selskapet alt har utløyst fornya tillit til selskapet. Vår solide plass i kystnasjonen Noreg sitt medvit er i ferd med å bli gjenreist, seier generalsekretær Øyvind Stene i Redningsselskapet.