• Det er feil å seia at eg var imot Hardangerbrua, men vi kan ikkje byggja alt. Og når vi skulle prioritera så vart det tydeleg at Hardangerbrua ikkje nådde opp i konkurransen med Trekantsambandet og Folgefonntunnelen.

Tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth gjorde greie for sitt syn på ulike samferdsleprosjekt då vegdirektør Olav Søfteland i går presenterte boka om norsk vegpolitikk etter 1960.

— Eg var aldri i tvil om at Trekantsambandet laut byggjast, for å knyta saman det næringssterke Sunnhordland. Det same galdt Folgefonntunnelen. Han var nødvendig, endå om han ikkje er av dei beste prosjekta eg har fått gjennomført. I dette selskapet kom Hardangerbrua til kort. 70 prosent av trafikken over den brua er basert på ferie- og fritid, og det var ikkje det behovet eg fann å kunna prioritera, sa den tidlegare samferdslestatsråden.

«Blindtarmar»

Historikarane Sverre Knutsen og Knut Boge har arbeidd i fire år med boka «Norsk vegpolitikk etter 1960 - Stykkevis og delt?» Dei oppsummerer, noko misforstått, striden om Hardangerbrua på denne måten: «Stortinget prioriterte Sunnhordland og den nye tid - med satsing på havbruk og servicebedrifter for oljeindustrien - fremfor indre Hardangers døende skorsteinsindustri». Det kan ha samanheng med at dei ikkje veit forskjell på Odda og Eidfjord.

Eit hovudsyn i boka er at politikarar frå distrikta har vore langt meir engasjerte i vegbygging enn dei frå Oslo-området. Difor har norsk samferdslepolitikk i store delar av perioden handla om store veg- og bruprosjekt på Vestlandet og kanskje særleg i Nord-Noreg. Men somt har vore feilslått politikk: «Flertallet av de 23 undersjøiske tunnelene, som er kostnadskrevende prosjekter, har endt opp som blindtarmer i tynt befolkede fraflyttingsområder», heiter det på side 258. Forfattarane meiner mykje tyder på at berre eit mindretal av fastlandssambanda har vore industrielt og økonomisk motiverte i eit nasjonalt perspektiv. Unnataka er Rennfast, Trekantsambandet, Ålesundtunnelane og Oslofjord-tunnelen.

Bergensk bompengering

Boka ser også på skilnaden på politisk handlekraft i Bergen og Oslo. I Bergen tok politikarane fatt i ein håplaus trafikksituasjon med kø og kork og kaos på alle innfartsårer. Bompengeringen var eit bergensk initiativ, som fekk eit vellukka resultat. I Oslo laut regjeringa, i praksis samferdsleminister Johan J. Jakobsen frå Senterpartiet, tre ein bompengering nedover Oslo-politikarar som ikkje var i stand til å finna ein veg ut or trafikkproblema i hovudstaden. Johan J. Jakobsen var saman med Opseth og tidlegare samferdsleminister Ragnar Christiansen (Ap) til stades på pressekonferansen og kommenterte bokverket.