Tabbane førte til oppvask då statsadvokaten møtte leiinga i Sogn og Fjordane politidistrikt sist veke.

I dommen seier tingretten at det er «bevisuklarheter på ei rekke sentrale punkter» i dommen. Også under rettssaka stod politiarbeidet sentralt. Frå vitneboksen måtte politibetjenten som blei send til åstaden, vedgå at arbeidet ikkje var mykje å vere stolt over. Med instruksane betjenten hadde frå politiets operasjonssentral, vart det uråd å få gjort skikkeleg politiarbeid.

Tabbar i kø

Dette er det som kom fram om etterforskinga under straffesaka:

  • Politiets operasjonssentral i Florø gav betjentane som rykte ut, beskjed om ikkje å oppsøkje staden dei to hadde vore eller den namngjevne mannen.
  • Då kvinna kom til seg sjølv var ho naken frå livet og ned. Kleda ho hadde hatt på seg, blei aldri funne.
  • Plagga som kvinna fekk låne blei liggjande på politikammeret utan vidare undersøkingar.

n Kvinna blei ikkje straks send til undersøking på det døgnopne valdtektsmottaket i Førde. Operasjonssentralen meinte at neste dag var tidsnok.

  • Dagen etter blei to nye betjentar sende ut til politikaren. Dei blei instruerte om at han verken var mistenkt eller sikta. Åstadsundersøkinga måtte skje på mannens velvilje. I huset overhøyrde betjentane at han var i telefonsamtale med ein kjenning på politiets operasjonssentral.
  • Ein tom valiumboks blei funnen i husværet ved åstadgransking nummer to. Boksen blei makulert av politiet.
  • Blodprøve blei tatt av kvinna dagen etter. Prøvene blei analyserte som ei vegtrafikksak, og ikkje med sikte på å finne den typen bedøvande middel kvinna sa seg utsett for. Dermed viste ikkje prøva at kvinna var utsett for medikamentpåverknad.
  • Statsadvokaten ville leggje vekk heile saka. Riksadvokaten overprøvde dette.
  • Ei identisk prøve frå kvinna var analysert ved Haukeland sjukehus, denne viste spor av bedøvande medikament.
  • Dermed måtte Folkehelsa måtte gjere nye analysar av prøvene, denne gongen fann også dei spor etter det roande medikamentet barbiturat — eit funn heilt i samsvar med kvinnas forklaring.

Sviande kritikk

I frifinningsdommen kjem retten med sviande kritikk: «Retten antar at ei rekke av de uklarheter som er angitt (i dommen, red. merkn.) ikke ville vært til stede dersom etterforskningen hadde vært gjennomført på ei annen måte, og særlig dersom fornærmede hadde blitt brakt til medisinske undersøkelser umiddelbart».

— Det var naturleg å ta ein gjennomgang av denne saka. Frå politiets side gav dei uttrykk for å vere innstilt på å ta lærdom av saka, seier aktor i saka, statsadvokat Jogeir Nogva om møtet som fann stad torsdag i førre veke.

Saka får ikkje personalmessige følgjer for nokon tilsette i politidistriktet.

- Ikkje overraska

— I denne saka var det Riksadvokaten som avgjorde å tiltale, så det er naturleg for meg å sende saka over dit før den endelege avgjerda blir fatta, seier Nogva.

Etter å ha lese den frifinnande dommen i går ettermiddag, meiner Nogva at retten har vurdert dei sentrale sidene av saka.

— Men eg meiner retten i svært liten grad har gått inn på ei vurdering av truverde hjå dei involverte partane.

Forsvarar Walter Høivik er ikkje overraska over rettens konklusjon.

— Det er rett og slett ikkje gode nok prov til å dømme han. Det blir berre spekulasjonar ut frå fornærma si forklaring, seier Høivik, som også meiner at politiets arbeid har vore sterkt kritikkverdig.